Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur i litt ruskut ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 12. mars 2018

Sjølv om det var snø i lufta og litt kald trekk, møttest åtte damer framfor Halsbua måndag 12. mars. Turruta vart bestemt i fellesskap der og da, og turen gjekk etter allmannvegen frå butikken innover Kvennsetgarden og rundt om Husbygardane.

Etter ein triveleg tur i friskt ver, vart det kaffepause innomhus i Kaffekroken på bua – kjekk samlingsplass!

Godt å koma inn for kaffekos. Frå venstre: Karen Johanne, Sigrun og Marit. Foto: Dordi J H

I år er det «gammaldags» vinter med snø og til dels glatte gardsvegar og skogsvegar, så det begrensar litt kor vi kan legge Kløverturane. Vi vil helst ikkje ha beinbrott. Neste måndag, 19. mars, blir det som vanleg oppmøte framfor Halsbua, og så bestemmer vi turmål i lag etter ver og føreforhold.

Etter det blir det Kløverturpause to gonger i samband med påskehelga, og så det er berre å håpe på vår og fine føreforhold i april.

Fast oppmøteplass framfor Matkroken eller Halsbua. Frå venstre: Jorunn Husby, Sigrun Ørsal, Karen Johanne Talgø, Ester Karin Rendal Larsen, Marit Sanden Søyset, Arndis Søyset, Åse Ville Redalen. Foto: Dordi J H

Publisert: 12. mars 2018, 16:22