Lagseriestemne, her kjem det invitasjon til ungane på Nordvik!
Ski- friidrettsgruppa i Todalen idrettslag ønsker å sende ein spesiell invitasjon til ungar og unge på Nordvik til denne vekas lagseriestemne på Bordholmen.
Vi fann 1028 artiklar i dette arkivet.
Ski- friidrettsgruppa i Todalen idrettslag ønsker å sende ein spesiell invitasjon til ungar og unge på Nordvik til denne vekas lagseriestemne på Bordholmen.
Måndag 3. juni inviterer Saniteten til RUSLETUR på Kårvatn. Oppmøte ved Halsbua kl. 11.00. Samkjøring til Kårvatn.
SJÅ HER! Historielaga minner om at fristen for å melde seg på årets busstur til Torjulvågen og Frei no nærmar seg. Påmelding må skje før 1. juni til
Marit Haugen, telefon 480 49 218 eller
John Moe, telefon 920 48 856
Her kan du lese om turen, dette ser ut til å bli ein interessant dag:
Måndagar klokka elleve er det Kløverturtid både for rindalingar og todalingar, og dermed vart det Kløverturtreff i Svinvikrunden. Det vart skikkeleg triveleg!
Sanitetsforeninga melder at Kløverturen måndag 27. mai blir i Svinvikrunden. Oppmøte som vanleg ved Matkroken/Halsbua: MEN det blir start frå bua kl. 10.50, altså litt tidlegare enn vanleg. Grunnen er at Rindal sanitetsforening også skal ha Kløverturen sin i Svinvikrunden måndag, og dei planlegg å vere i Svinvika kl. 11.00. Kløverturgruppa synest det kan vera kjekt å få eit treff med turgåarane frå Rindalen.
Våren er ei travel tid med utearbeid og mange arrangement, og denne helga er det Vårsøg i kommunen. Men likevel møttest 15 damer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag ettermiddag. Altså er det både bra og viktig med mangfald og ulike tilbod slik at mange kan ha noko å vera med på!
Laurdag 25. mai inviterer Todalen Sanitetsforening til sesongens siste strikkekaffe i Sanitetshuset frå kl 13.00- 16.00. Alle er velkomne!
Det har ei tid vore arbeidd med å få på plass frivilligsentral i Surnadal kommune, og no nærmar det seg oppstart. Hilde Staveli Solli er dagleg leiar, og ho kan fortelje at no er eit interimsstyre på plass og likeså er lokala snart klare. Dermed blir det opning av frivilligsentralen på Skei når hausten kjem.
Laurdag 1. juni inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Husby. Det blir start frå kyrkja kl. 12.00, der er det god plass til parkering. Vandringa vil omfatte Smålandsgrenda, Husbygarden, Fredrikstad, Lauvåskogen og Bekkerhagan. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie.
«Godt folk har godt ver!» heiter det, og i dag slo dette til! På årets første Kløverrusletur var det sol frå skyfri himmel og nesten vindstille – ein retteleg fin dag på Kvennsetøran!
Surnadal pensjonistlag melder at dei skal ha medlemsmøte på Surnadal sjukeheim tysdag 21. mai kl. 15.00. Vi skal snakke om «Leve heile livet», og det blir quiz, song og musikk, servering og loddsal.
Måndag 20. mai inviterer Saniteten til RUSLETUR i Kvennsetøran bustadfelt. Denne gongen blir det oppmøte ved Sanitetshuset der vi skal ha base. Vi møtest til vanleg tid kl. 11.00.