Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svært interessant utmarkshistorisk vandring på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Sundag 18. august 2019

Norsk vandrefestival inviterte til utmarkshistorisk vandring i liene  på Nordvik laurdag 17. august. Oddvar Mikkelsen stilte som kunnskapsrik, lokalkjent og engasjert guide; dette gjorde at vandringa vart utruleg interessant for deltakarane. Veret var også godt.

På låvekloppa i Gammelstuå. Frå venstre: Anna Ingeborg Nordvik, Torgunn Nordvik, Ingrid Nordvik, Rose Bergslid, Gudmund K. Kvendset, Lise Grøva, Jan Nordvik. Rose er styremedlem i Norsk vandrefestival. Gudmund held ei reiphegd i hendene. Foto: Dordi J H

Vandringa starta på låvekloppa i Gammelstuå. Oddvar fortalde først om «gammelpengane» som Nordvikgardingane er så kjende for, og faktisk så var stor økonomisk makt samla på Nordvik . Først på 1400-talet skriv erkebiskop Aslak Bolt at «Einer på Nordvik gav erkebiskopen i Nidaros heile 3 spann jordegods med all eign i Hala i Todalen»! I Bygdeboka kan ein altså lese om stor rikdom på Nordvik opp gjennom åra. Men om det var godt med pengar, så levde dei av det dei dyrka på heimgjerda, henta frå utmarka og skogen, frå sjøen og det dei laga. Folk var også flinke til å planlegge for år framover, slik at dei alltid hadde lager av trevirke til det dei måtte lage på garden av redskap, inventar og til å bygge nye hus og reparere hus med. Never tok dei kvart år.

Oddvar visere fram bryn og brynstok – dette måtte vera med når karane skulle ut og slå. Foto: Dordi J H

Dette er lauvkjerv – det var god mat for dyra i vårknipa. Foto: Dordi J H

Lise held eit tømmermerkeøks – kvar stokk måtte merkast før frakting eller oppmåling. Foto: Dordi J H

Oddvar hadde samla ein del gammal reiskap som han viste fram: reiphegd til å gjøre lass med, nepjarn, ljåar – det var spesielle ljåar for å bruke i utmarka, lauvjarn – dei tok lauvkjerv kvart år – det var vårmat til krøtter og småfe. Skavkniv vart bruka for å flekke bork av alm, rogn, selje til for, medan restane vart brukte til ved. Til rivetinnar var hegg nytta – dei hadde god greie på kva slags tre som var godt eigna til for, forskjellig utstyr og redskap. I gamle dagar var det slett ikkje vanleg å gå i fjellet for trim eller oppleving, all vandring var knytt til arbeid og nytte. Aasmund Olavson Vinje møtte Malene i Folldalen og etter henne skriv han dette: «Bønder finn fagert det som endeframt er, men gagnleg lyt det også vera, det må liksom vera mat i det attåt, for elles er det stygt i hans auge. Det fagraste som finst er stabburet!»

Oddvar ved staurhuset – her med ein kornstaur. Foto: Dordi J H

Første stopp på turen var staurhuset, deretter sommarfjøset, og etter kvart kom vandrarane til Mjølkhaugen. Her vart kyrne mjølka, og mjølka bore ned til gards med børtre. Olav Gammelstu’n vart nesten arg da han fekk sjå at eit børtre vart hengt opp på veggen i Forsamlingshuset, han lika ikkje at «torturredskap vart hengt opp til pynt!» Ved Mjølkhaugen låg den nedste utmarksløa. Her gjekk turfølgjet etter «Memarkvegen» – vegen mellom Sagelva og Kjerringelva.

Sommarfjøset til Gammelstuå. Det ligg ikkje langt unna garden. Foto: Dordi J H

Jan ved «Saftsupbekken» eller var det «Godbekken»? Foto: Dordi J H

Kaffepause på setervollen. Her vart det servert riktig god lefse. Fint og solid bord. Foto: Dordi J H

Karar med mykje kunnskap om seterdrift og utmarksnæring. Oddvar med jarnrest som var bruka som brems på sleden ved kjøring i bratt unnabakke. Foto: Dordi J H

Kyrne vart jaga på setra i midten av juli og kom ned att rundt Mikkelsmesse i september. Liene på Nordvik er så slake at mat og utstyr vart kjørt opp til setra med hest og slede. Vi passerte både «Saftsupbekken» og «Godbekken» – i båe bekkane er det kjøle godt vatn! I dei slake liene både nedanfor, utanfor og ovanfor Nordviksetra var det fin slåttemark med gode høyslett, og det var over 20 høyløer i utmarka. Løene hadde namn som til dømes: Sjur-Guri-løå, Munkaløå, Botnløå. Sletta hadde også namn, ein kan undrast på kvifor det eine heitte Sildhaugen. Utmarksslåtten var av kjøle stor betydning for gardsdrifta med god mat til husdyra.

Restar etter seterfjøset til Gammelstuå. Foto: Dordi J H.

Fin kvilarstein på Dronkhauan innanfor Sagelva. Her var det god beitemark. Vi ser etter Kaktollå. Når det var slått ovanfor denne tolla, vart det bore mat opp til slåttafolket, slik at dei ikkje hefta seg bort med å gå ned på setra for å ete. Foto: Dordi J H

På seterstølen ligg dei fire setrene i eitt og same tun. Nedanfor seterskjela hadde kvar gard ei høyløe, og godt ovanfor skjela låg fjøsa. På setra vart det laga ost og prim, men rømmen bar dei ned til gards. På seterstølane voks det godt med gras som vart slege, tørka og lagra i løene, så gjetarane måtte passe godt på at kyrne beita berre der dei hadde «lov til å gå». Både setring og markaslått vart avslutta i 1952.

Oddvar Mikkelsen som er gardbrukar i Gammelstuå, synest det er viktig å nytte utmarka, og han har både geiter, sauer, kalvar og kviger på beite i utmarka. Men det gror att i liene; det var nok slåtten som heldt lyng, kjerr og skog nede og gjorde landskapet ope og fint.

Det var dessverre ikkje så mange deltakarar med på utmarksvandringa i regi av Vandrefestivalen, men det var ein svært interessant, triveleg og vellykka vandringsdag!

Fleire bilete frå utmarka på Nordvik:

Her stod Bortistuløå, no er det hytte her. I området her var det riktig fin slåttamark. Foto: Dordi J H

Her er det retsar etter Slettløå til Nisstuå. Løa hadde eit lite skjel med med bord, seng og omn. Restar etter vedomnen ligg her framleis. Foto: Dordi J H

Plassaslettløå, løa som det er mest att av. Foto: Dordi J H

Her er  forklaringa på at Inner Sulå som er høgare enn Ytter Sulå, blir kalla «Litjsulå» på Nordvik. Inner Sulå -1325 moh., er den vesle toppen til venstre. Rett fram Sul-Aksla som er høgda før ein kjem på Ytter Sulå, 1318 moh. Foto: Wenche Ø K

 

 

.

Publisert: 18. august 2019, 06:00