Kronhjort felt i Brusetmarka
Sørsida jaktlag stilte med stort mannskap i finveret laurdag. Sørsida jaktlag omfattar Ansnes, Hallset, Ørsal, Øya og Bruset. Laurdag starta jakta i Øyalia, men der vart det ikkje resultat.
Vi fann 1055 artiklar i dette arkivet.
Sørsida jaktlag stilte med stort mannskap i finveret laurdag. Sørsida jaktlag omfattar Ansnes, Hallset, Ørsal, Øya og Bruset. Laurdag starta jakta i Øyalia, men der vart det ikkje resultat.
I helga har det vore Nordvestmeisterskap i Taekwon-do i Molde. Her deltok det mange frå Taekwon-do-klubben i Surnadal, og innsatsen og medaljefangsten vart kjøle bra fortel Kjell Gunnar Polden. Dei kom heim både med gull, sølv og bronse og var godt fornøgde med turen.
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 16. september. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut og gå!
Surnadal Kunstforening inviterer kvar haust til ei juryert utstilling, «Ved LAUVFALL» – altså når hausten er her og blada fell. Haustens utstilling har stor breidde og mangfald i kunstnariske uttrykk og forskjellige teknikkar – ei spennande og fin utstilling!
Idrettslaget Søya melder at det er familiedag på Søysetøran søndag 15. september frå kl. 11.00. Det blir spennande natursti i barnevogn-venleg terreng. Varme grillar for medbrakt grill-/bål-mat. Det blir spandert bålkaffe på dei vaksne og litt godis til ungane. Premie til dei som deltek på naturstien.
«Downton Abbey» held fram der fjernsynsserien sluttar – og dei to andre filmane denne helga har også ei historie dei spinn vidare på.
Surnadal kunstforening melder at det blir opning av kunstutstillinga «Lauvfall 2019» laurdag 14. september kl. 13.00 i Surnadal Kulturhus, Galleri Finstuå.
Surnadal Heimbygdlag deler kvart år ut måldiplom til personar eller lag som arbeider for å fremje bruk av nynorsk og dialekt. Diplomet for 2019 vart tildelt Karstein Mauset.
Todalen sanitetsforening melder at årets basar blir tysdag 24. september kl. 17.00. Basaren er i Sanitetshuset, og det blir trekking kl. 19.30.
Surnadal Heimbygdlag melder at det er bokkveld på Kulturhuset torsdag 12. september kl. 19.00. Her blir det nylansering av boka «Ei haustferd på Nordmøre. 1934» av Hans Hyldbakk.
Vegvesenet i Møre og Romsdal har sendt ut følgande meldingar: FV 671: Haugafossbrua – Svinviktunnelen, på strekninga Todalsøra – Haugen, Møre og Romsdal. Nedsett hastigheit til 50 km/t og manuell dirigering på grunn av dekkelegging i periodane: Måndag til torsdag frå 06:00 til 18:00. Vent på ledebil. Gjeld frå 11.09 klokka 06:00 til 19.09 kl. […]
Yr melde godt ver, og Sanitetsforeninga slo til og inviterte til Rusletur og lunsj oppå Tjønnmyrå. Og det vart riktig fint ver – sol frå skyfri himmel, og det samla seg godt med folk ved gapahuken.