Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sindre gjorde det godt i Nordvestmeisterskapen i Taekwon-do

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. september 2019

I helga har det vore Nordvestmeisterskap i Taekwon-do i Molde. Her deltok det mange frå Taekwon-do-klubben i Surnadal, og innsatsen og medaljefangsten vart kjøle bra fortel Kjell Gunnar Polden. Dei kom heim både med gull, sølv og bronse og var godt fornøgde med turen.

Frå Todalen deltok Sindre Bruset, han har no svart belte 1. grad i Taekwon-do og møter stadig hardare motstand. Men likevel greidde han å ta sølv-medalje i meisterskapen. «Kjempebra!», seier Kjell Gunnar. Dette lovar godt for Norgesmeisterskapen i Stavanger i november.

Todalen.no gratulerer Sindre med sølvmedalje og flott innsats!

Medaljeutdeling. Sindre får sølvmedaljen sin. Foto: Jostein Bruset.

Publisert: 15. september 2019, 18:17