Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Ved LAUVFALL» – fin og variert kunstutstilling

Dordi Jorunn Halle Laurdag 14. september 2019

Surnadal Kunstforening inviterer kvar haust til ei juryert utstilling, «Ved Lauvfall» – altså når hausten er her og blada fell. Haustens utstilling har stor breidde og mangfald i kunstnariske uttrykk og forskjellige teknikkar – ei spennande og fin utstilling!

«Ved Lauvfall» er eit stort løft for Surnadal kunstforening, men interessa for utstillinga er gledeleg stor. «Det er behov for ei juryert utstilling her på våre trakter,» sa leiar i kunstforeninga, Mart L. Moen, da ho ønskte vel møtt. Det er stor interesse for «Ved Lauvfall» – heile 41 kunstnarar har levert i alt 113 kunstverk inn til vurdering. Av dei vart 22 kunstnarar godkjende som utstillarar av juryen. Marit L. Moen takka alle som hadde sendt inn bidrag. «Mange fine  og gode kunstverk kom ikkje med, » slo ho fast. «Galleri Finstuå er for lita. Det er trist å ikkje bli antatt.»  Men 36 kunstverk er no på plass i «Finstuå» – her kan ein både sjå mykje fint og kjøpe kunst – det er altså ei salsutstilling.

Styret i Kunstforeninga, frå venstre: Anne Marie Rognskog, Marit Larsdotter Moen, Sissel Halset Storslett, Anna Ingeborg Nordvik. Marianne Fjærvik var ikkje til stades. Foto: Dordi J H

Ordføra Lilly Gunn Nyheim heldt dagens opningstale. Foto: Dordi J H

Kunstnarane er frå heile fylket, frå Volda og Ålesund i sør, frå Molde, Tingvoll, Sunnfal, Surnadal. Jurymedlemene som har vurdert kunstverka er tekstilkunstnar Ane Vik Eines, biletkunstnar og kunsthistorikar Beate Gjersvold og grafikar Hermann Isaksen.

Seks av kunstnarane er frå Surnadal, av dei to todalingar: Sissel Halset Storslett og Odd Ingar Skrøvseth. Båe to hadde fine kunstverk som underteikna godt kunne ha tenkt seg å ha med seg heim!

Kunstutstillinga opna med dans av KIN-dansekompani – elevar frå Surnadal vgs og Surnadal ungdomsskule, alle elevar ved Kulturskulen. Stilig framsyning! Ordførar Lilly Gunn Nyheim heldt ein flott opningstale, ho skildra det vakre  med variasjon i fargepaletten både i kunsten og i naturen.

Leiaren i kunstforeninga nemnde at medlemstalet i foreininga hadde gått ned, og ho inviterte alle kunst- og kultur- intersserte til å bli medlemer. Ein treng altså ikkje å vera utøvande kunstnar.

Odd Ingar og Sissel ved bileta til Odd. Foto: Dordi J H

Leiar i kunstforeninga; Marit L. Moen, i lag med dei kunstnarane som var til stades ved opninga. Foto: Dordi J H

Utstillarar i årets «Ved Lauvfall» er: Ragnhild Aaram, Inger Engdal, Lisbeth Edvardsen, Åslaug R. Holberg, Brit Dyrnes, Aud T. Gustavsen, Sissel H. Storslett, Ingeborg S. Husby, Åse Lyng, Gørild Bruaset, Anne M. Rognskog, Robert Steinnes, Rita B. Hjorthaug, Tordis K. Viken, Guri M. Seljebø, Hanne I. Dahlen, Elin R. Thingnes, Odd I. Skrøvseth, Lilia Tomren, Anne Einum, Olav Karlstad, Kari Selnes.

Utstillinga er open fram til 29. september, og Galleri Finstuå held ope i opningstida til Kulturhuset. Er det ikkje representantar frå Kunstforeninga til stades og ein har spørsmål eller kanskje ønsker å kjøpe kunstverk, formidlar folk i resepsjonen kontakt med foreninga.

Vi ønsker Surnadal kunstforening til lykke med flott utstilling!

Fleire bilete får opninga av «ved Lauvfall»:

KIN dansekompani. Foto: Dordi J H

Nokre av dei mange som møtte fram til opninga av kunstutstillinga. Frå venstre: Randi Skrøvset Hatle, Odd I. Skrøvseth, Kristin Skrøvset Mogstad og Sverre Hatle. Foto: Dordi J H

«Mot Straumsneshøgd’n» av Odd I. Skrøvseth. Foto: Dordi J H

«Utsikt» av Sissel Halset Storslett. Motivet er frå Todalen, ser du kvar kunstnaren står? Foto: Dordi J H

«Kråketing» -tekstilkunst av Kari Selnes. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 14. september 2019, 16:55