Årsmøte i Todalen sanitetsforening
Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar
Vi fann 1024 artiklar i dette arkivet.
Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 8. mars og tysdag 9. mars. Det er mange ledige timar båe desse to dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Det er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.
Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Todalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet.
Etter 2 og ½ månad med jul- og vinterferie var det klart for årets første kløvertur i Todalen. Det vart ein god start på kløvertursesongen med 15 deltakarar og godt ver.
Todalen sanitetsforening inviterer til ny sesong med kløverturar. Årets første turdag blir måndag 15. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Sol frå skyfri himmel, minus 18 grader og vindstille – det var altså ein gnistrande fin vinterdag da Todalen sanitetsforening selde fastelavnspynt framfor Hals/Matkroken.
No nærmar det seg faste. Det er fastelavnsøndag 14. februar, og Todalen sanitetsforening har alt både fastelavnsris og fastelavnshjarte klare til sal. Laurdag 6. februar blir det sal av fin fastelavnspynt ved Hals/Matkroken.
Surnadal Heimbygdlag kallar inn til årsmøte onsdag 3. mars 2021 kl. 19:00. Årsmøtet blir på Thon Hotel Surnadal. Årmøtet vil bli arrangert med gode tryggingstiltak.
Frå skannarpatrulja i Todalen historielag har vi fått tilsendt interessante og fine bilete frå bryllaupsfeiring i Todalen på 1940/50-talet. Stor takk til Ingri og Ragnhild!