Årets «Hjertemarsj» onsdag 31. mai
Surnadal demensforening og helselag inviterer også i år til «Hjertemarsj» Årets «Hjertemarsj» blir arrangert onsdag 31. mai klokka 18:00 i Kavlvegen på Eidet i Surnadal.
Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.
Surnadal demensforening og helselag inviterer også i år til «Hjertemarsj» Årets «Hjertemarsj» blir arrangert onsdag 31. mai klokka 18:00 i Kavlvegen på Eidet i Surnadal.
I morgon klokka 18:00 startar Vårsøghelga 2023. Da er det opnninng av kunstutstilling med årets festivalkunstnar Nirmal Singh Dhunsi frå India, no busett i Trondheim. Dette foregår i Finstuå på Surnadal kulturhus. Årets Vårsøghelg varer til og med søndag 28. mai.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin første fjelltur for sesongen gjekk til Årnes i går. – Bert var det, og god sti, men himmelen viste ikkje fram solsida si, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.
Todalsøra 125, kanskje betre kjent som Innerbaugen er lagt ut for sal. Innerbaugen har eit totalt bruksareal på 215 kvadratmeter og vart bygd i 1925. Fram til 1976 var posthuset i Todalen lokalisert i Innerbaugen. På eigedomen er det i tillegg til huset både eit lite fjøs og naust.
Kvar måndag er det ein gjeng med trimmarar som møtest for å trimme litt saman, før det heile blir avslutta med kaffe og sosial samvær. Frå mai og ut på hausten syklar dei forskjellege ruter i Todalen og på Nordvik, medan dei resten av sesongen trener på Hett & Svett eller går på ski i lysløypa på Tjønnmyra.
Fredag 26. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til pinse-bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til pinshelga. For å feire våren har dei denne gongen «maitilbod» på skulebollar, 5 skulebollar til 145,- kroner.
Surnadal kunstforening, i samarbeid med Vårsøghelga 2023, inviterer til kunstutstilling med årets festivalkunstnar, som er Nirmal Singh Dhunsi. Utstillinga vil vere i Finstuå på Surnadal kulturhus, og opnar torsdag 25. mai klokka 18:00.
I går gjekk Stravganggruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til bøkeskogen i Stangvik (Grantrøinn). Utsikta utover Stangvikfjorden med snødekte fjell som bakgrunn gjorde dagen ekstra fin for dei 18 turglade stavgangarane som var med.
Sanitetskvinnene er, i tillegg til myykje anna, ein beredskapsorganisasjon. Dei har
nasjonale samarbeidsavtalar med Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dei har også plass i både fylkesberedskapsråd og kommunale beredskapsråd. I tillegg har dei fleste av lokallaga eigne Omsorgsberedskapsgrupper som har samarbeidsavtalar med sine kommunar om å bistå ved behov. Sanitetskvinnene har over 3500 beredskapsfrivillige, feldelt på 320 lokalforeiningar og er organisert i 145 Omsorgsberedskapsgrupper rundt om i landet.
Rett før påske var DJI Enterprise og Trondheim Brann og Redning på Kårvatn for å gjere filmopptak for å lage reklamefilm om DJI Enterprise sin nye drone Matrice 350 RTK som blir lansert i desse dagar. Todalen Idrettslag var leigd inn for å transportere utstyr og personell med snøscooter og stilte med statistar i filminnspelinga.
Laurdag 20. mai klokka 11:00 inviterer Todalen Sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg er Torbjørn Brøske, medan Bernt Bøe er organist.
Tysdag 23. mai startar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag opp att fjelltursesongen, der dei i løpet av sesongen vil besøke mange fine turmål. Tysdag går turen til Årnes. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Årnes.