Tysdag 23. mai startar Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag opp att fjelltursesongen, der dei i løpet av sesongen vil besøke mange fine turmål. Tysdag går turen til Årnes. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring til Årnes.
– På Årnes – der er det bert og difor fint å gå no!, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa. – Svein Årnes tek i mot oss og går framfor etter ei rute han har lagt opp. Han er skikkeleg kjentmann, så det blir ein gau og interessant tur!, legg Kristian til.
– Ta med gode sko, litt niste og det vanlege gode humøret!, avsluttar han.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag ønsker vel møtt til ny sesong og ny tur!
Medlem i Todalen.no –