Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Inviterer til «Trygghetstreff»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 19. mai 2023

Sanitetskvinnene er, i tillegg til myykje anna, ein beredskapsorganisasjon. Dei har
nasjonale samarbeidsavtalar med Helsedirektoratet, Politidirektoratet og Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB). Dei har også plass i både fylkesberedskapsråd og kommunale beredskapsråd. I tillegg har dei fleste av lokallaga eigne Omsorgsberedskapsgrupper som har samarbeidsavtalar med sine kommunar om å bistå ved behov. Sanitetskvinnene har over 3500 beredskapsfrivillige, feldelt på 320 lokalforeiningar og er organisert i 145 Omsorgsberedskapsgrupper rundt om i landet.

Med bakgrunn i dette inviterer Surnadal sanitetsforening, i samarbeid med Surnadal brannvesen, alle eldre heimebuande i Surnadal kommune til nok eit «Trygghetstreff» i lokala til Suurnadal brannstasjon måndag 5. juni klokka 12:00 – 14:00. «Trygghetstreffet» er ein møteplass for risikoutsatte grupper, der målet er å trygge heimebuande eldre med både brannvern og andre aktuelle tema. Ved å førebygge dødsbrannar og auke kunnskapen til befolkning skaper ein trygge lokalsamfunn. 

PROGRAM for «Trygghetsdagen»:

  • Trygg heimme, ved Vibecke Warvik
  • Brannførebygging, ved Surnadal brannvesen
  • Lunsjservering
  • Underhaldning
  • Loddsal
  • Omvisning på brannstasjonen

Påmelding innan fredag 2. juni til Brit Moen på telefon: 913 58 685 eller Elinor Bolme på telefon: 901 96 268

Surnadal sanitetsforening og Surnadal brannvesen ønsker velkommen til «Trygghetstreff»!

Publisert: 19. mai 2023, 10:55