Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa sin første tur gjekk til Årnes

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. mai 2023

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin første fjelltur for sesongen gjekk til Årnes i går. – Bert var det, og god sti, men himmelen viste ikkje fram solsida si, fortel Kristian Ranes i Fjellgruppa.  

Start på Årnesmarka rundt. Foto: Anne V. Einum

Alle dei 22  som var med på sesongens første fjelltur hadde med godt humør, sjølv om vêret altså ikkje var det aller beste.

Utsikt ned til Årnes. Foto: Anne V. Einum

Svein Årnes var vegvisar og guide på turen, noko som gjorde at turen vart ein stastur, fortel Kristian.

Kaffepause inne i Skogstua. Foto: Anne V. Einum

– Han har lagt ned eit stort arbeid med stimerking, med namneskilt på merkestader. Eit svert verdifult arbeid for å ta vare på namna frå den tida namn i terrenget var viktig for å veta kvar ein skulle beite eller orientere seg ellers, fortsett Kristian.

Sveins molte og is smakte herleg. Foto: Anne V. Einum

– Namna fortel også mykje om staden. Vi fekk høyre at Vargøya – som vi såg beint under oss – ikkje kom av all vargen som hadde vore der, men av at krongelfuru vart kalla «vargfuru» før i tida. Så da lærde vi noko i dag og, seier han. 

Start på nedturen frå Skogstua. Foto: Anne V. Einum

– Til slutt fikk vi lære korleis retteleg årnesisk gjestmilde tek seg ut: vi vart bedne inn i hytta til Svein, og da viste det seg at han hadde stått opp i otta og koka kaffe og fylt på kanner, lasta opp is i kjølebeggar og molte i store koppar og bore opp til hytta, slik at det stod og venta da vi kom inn! – Jøye meg, eg seier ikkje meir! Stor takk til Svein frå alle deltakarane på tur og etegilde! Kanskje blir det fleire turar til Årnes!, avsluttar Kristian. 

Takk til Svein, guide og skogstuss-vert. Foto: Anne V. Einum

Flerie bilete frå årets første fjelltur til Årnes kan du sjå nedanfor. 

Publisert: 23. mai 2023, 20:33