Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsøra 125 lagt ut for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. mai 2023

Todalsøra 125, kanskje betre kjent som Innerbaugen er lagt ut for sal. Innerbaugen har eit totalt bruksareal på 215 kvadratmeter og vart bygd i 1925. Fram til 1976 var posthuset i Todalen lokalisert i Innerbaugen. På eigedomen er det i tillegg til huset både eit lite fjøs og naust. 

Prisantydninga er på 1.490.000,- pluss omkostningar. Visning laurdag 27. mai klokka 12:00 – 13:00. Alle som ønsker å vere med på visning, eller avtale anna tidspunkt for visning, må ta kontakt med meglar. Du finn meir informasjon om påmelding og om Innerbaugen på: Sjarmerende småbruk med idyllisk beliggenhet ved Todalsfjorden | FINN eiendom

Publisert: 23. mai 2023, 05:00