Minner om årsmøte i morgon, torsdag 29. februar
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) minner sine medlemmar om årsmøtet torsdag 29. februar klokka 18:30 i klubbhuset på Tellesbø, Nordsida 198. Vanlege årsmøtesaker.
Vi fann 1877 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) minner sine medlemmar om årsmøtet torsdag 29. februar klokka 18:30 i klubbhuset på Tellesbø, Nordsida 198. Vanlege årsmøtesaker.
Onsdag 28. februar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.
Fredag 1. mars klokka 18:00 – 21:00 inviterer Treffast Surnadal til swingkurs i Toneheim i Surnadal. Det er undergruppa «Kom å dans» som er teknisk arrangør av kurset, og kurset er for «nybegynnarar», så har du lyst til å lære deg swing, så er det berre å møte opp i Tonheim. Det blir servert kaffe og noko attåt heiter det i invitasjonen til kurset.
I ei pressemelding frå Amfi Kreativ no i dag, blir Surnadal og Nordmøre, for første gong, invitert til fagfrokost i Amfi kreativ sine nye og inspirerande lokaler i Svartvassvegen 2, fysdag 12. mars klokka 08:00 – 09:30, for fagleg påfyll og nettverksbygging. Amfi Kreativ er distriktets største fagmiljø innan reklame marknadsføring.
Styret i Stangvik Historielag kallar inn til årsmøte i Myrvang forsamlingshus torsdag 29. februar klokka 19:00. Etter at årsmøtesakene er behandla, blir det servert mat og kaffe. Svein Sæter vil også kome for å presentere boka «Amerikabrev», boka med brev frå/til «gullkongen» Fredrik Bruseth og søskene hans.
Styret i Surnadal Pensjonistlag minner om årsmøtet sitt måndag 26. februar klokka 12:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral i Møbel-Fiske bygget på Skei. Vanlege årsmøtesaker.
Måndag 26. februar klokka 11:00 er det klart for ny kløvertir. Oppmøte på Matkroken Todalen.
For nokre veker siden starta «kaffekrokens venner» opp med trim på Hett & Svett, under kyndig leiing av Kjell Gunnar Polden. Dei første vekene var det trim på onsdagar, men frå og med denne veka har dei dobla mengda, så no er det trim måndagar og fredagar frå klokka 10:00 – 11:00.
Surnadal kommune har no lyst fleire typar tilskot dei deler ut kvart år. I første omgang er det tildelingar frå Kleivafondet, «Henning-stipendet» og prosjekttilskott som er lyst ut for å kunne søke på. Kommune ber også om forslag til kandidatar til årets Kleivapris, som er Surnadal kommune sin kulturpris, og som blir delt ut under Kleivakvelden under Vårsøghelga. Frist for å søke på tilskottsordningane og lansere kandidatar til Kleivaprisen er 15. mars.
Fredag 23. februar klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til fjellkveld med Svein i Bryå i Bondhuset i stangvik. Stangvikforfattaren Svein Sæter har skrive og redigert fleire bøker om det gode livet i fjellet.
Nordmørsmusea lyser no ut årets sommarjobbar. Som kjent er Svinviks arboret ein del av Nordmørsmusea, og dei har behov for folk til kafeen, omvising og anna forefallande arbeid.
Styret i Surnadal Golfklubb kallar medlemmane sine inn til klubben sitt ordinære årsmøte tysdag 27. februar klokka 19:00 i møterommet/kantina til Alti forvaltning i Surnadal. På saklista står mellom anna årsrekneskap, årsmelding og val av styre.