Fortent heider til dei tilsette ved Todalen skule
I kveld var det meininga at Todalen skule, med elevar, tilsette og foreldre, skulle ha siste sommaravslutning før Todalen skule, frå fredag av, går over i historia og blir samanslått med Stangvik skule på Evenshaugen. Vêrutsiktene for kvelden gjorde at arrangementet vart avlyst, da det etter plana skulle foregå utandørs.