Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Står du i manntalet?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. juli 2021

Onsdag 14.juli legg Surnadal valstyre ut manntalet til stortings- og sametingsvalet 2021, til allment ettersyn. Manntalet vil bli lagt ut på Surnadal kommunehus og på Surnadal kulturhus – biblioteket i 2.etasje, og vil vere tilgjengeleg til og med valdagen, måndag den 13.september. 

For å kunne stemme ved haustens stortings- og sametingsval må du stå i manntalet. Manntalet blir difor lagt ut til allment ettersyn, slik at du kan sjekke om namnet ditt står der.

Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet eller om det er andre feil, kan du sende skriftleg klage til:

Surnadal valstyre,
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal.

Klagen må vere grunngjeven.

Du finn meir informasjon på kommunen sine nettsider under menyen «val 2021».

Først publisert: 13. juli 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 12. juli 2021, 14:46