Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stortingsvalet 2021 – Førehandsrøysting

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 10. juli 2021
Sjølv om Stortingsvalet 2021 ikkje er før måndag den 13.september, informerer Surnadal kommune no om førehandsrøystinga, som tek til tysdag 10.august og varer til og med fredag 10.september. Dersom det er heilt umogleg for deg å røyste i perioden med førehandsrøysting, eller på sjølve valdagen, kan du be om tidlegrøysting. Tidlegrøysting må skje etter avtale på kommunehuset i tidsrommet 09:00 – 15:00 og er mogleg å få gjort, frå no, og fram til og med måndag 9.august.  Ordinær førehandsstemming

Frå 10. august til og med fredag den 10. september kan du førehandsstemme ved Surnadal kommunehus frå kl. 09.00 – 15.30. Frå måndag den 30. august til torsdag den 9. september er det utvida opningstid frå kl. 09.00 – 17.00.

Fredag den 10. september er det ope til kl. 15.30.

Hugs å ta med legitimasjon. I år får du digitalt valkort som du viser med mobiltelefonen din. Les meir om «digitalt valkort».

Det blir førehandsstemming ved institusjonar og andre stader slik:

  • Surnadal Sjukeheim: Tysdag 7. september kl. 1000 – 1200
  • Bårdshaugen omsorgsbustader: Tysdag 7. september kl 1300 – 1500.
  • Surnadal vidaregåande skole: Onsdag 8. september kl 1000 – 1200
  • Nordmøre Folkehøgskule: Onsdag 8. september kl. 13.00 – 15.00

Tidlegstemmegjeving frå 1. juli til 9. august

Dersom det er umuleg for deg å avgi stemme i perioden for førehandsstemmegjevinga eller på valdagen, kan du be om tidlegstemmegjeving. Tidlegstemmegjeving skjer etter avtale på kommunehuset i normal opningstid frå kl 9.00 til kl 15.00.

For avtale ring kommunens sentralbord: 71 65 58 00.

Ambulerande stemmegjeving

Dersom du er sjuk eller ufør og ikkje kan stemme på ein av stemmestadene, kan du søke valstyret om å få stemme heime. Du kan ta kontakt med Surnadal kommune på telefon 71 65 58 00 eller sende skriftleg søknad til

Surnadal valstyre,
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal

Søknaden må vere valstyret i hende innan tysdag 7. september 2021.

Dersom årsaken til søknaden er pålagt isolasjon eller karantene grunna covid-19, er fristen sett til valdagen 13. september, kl. 10.00.

Smitteverntiltak

Vi er framleis i ein pandemi og den enkelte kommune har ansvar for å legge til rette for gjennomføring av valet på ein smittevernfagleg trygg måte. 

Grunnleggande smitteverntiltak og råd ved gjennomføring av valet i Surnadal kommune:

  • Ingen sjuke skal møte opp i stemmelokala (sjå tilbod om ambulerande stemmegjeving)
  • Både valfunksjonærar og veljarar bes ha på munnbind under stemmegjevinga. Gjeld også vaksinerte. 
  • Vi skal kunne halde minimum 1 meter avstand til kvarandre
  • Førehandsstemminga på Surnadal kommunehus blir gjennomført med desinfeksjon av val-avlukke mellom kvart besøk. Det vil vere god utlufting, god ventilasjon og god avstand mellom valfunksjonærar og den som skal avgi stemme.
  • Du kan bli beden om å ta av munnbindet ei kort stund ved behov for pålagt identifikasjon når du legitimerer deg

Smitteverntiltak på sjølve valdagen vil mellom anna innebere tiltak for å unngå kø/ ansamlingar. Det blir informert meir om dette på eit seinare tidspunkt. 

Publisert: 10. juli 2021, 10:42