Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2521 artiklar i dette arkivet.


Familiefiskekonkurranse på Nordvik

Sverre Kjølstad Fredag 13. august 2021

En kan vel slå fast at årets sommerfiskekonkurranse i regi av Surnadal jeger- og fiskeforening som ble arrangert på Nordvik torsdag kveld ble en formidabel suksess. Ola Røe hadde alliert seg med Tore Polden som stilte med selvlaget kanon og svartkrutt, og salutten som åpnet fiskekonkurransen kunne høres i hele nabolaget.


Sollia vassverk – restriksjonane oppheva

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 13. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune no i formiddag, informerer Surnadal kommune om at restriksjonane i bruk av drikkevatn for abonnentane i Sollia vassverk no er oppheva. Grunnen til dette er at tilsiget av grunnvatn har betra seg i løpet av den veka som har gått sidan restriksjonane vart innført, og at det difor er […]


OPPDATERT – Natiri har kome heim att!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. august 2021

I går skreiv vi om hunden Natiri som hadde forsvunne, og at eigaren, Anders Mo, ba om tips, dersom nokon hadde sett ho. No kan Anders fortelje at Natiri har kome heim att, og at ho er frisk og rask. Han takkar alle for god hjelp og engasjement med å få Natiri heim att!  


Øramartnan 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 12. august 2021

Fredag 13. – søndag 15.august arrangerer Surnadalsøra velforening Øramatnan 2021. Velforeninga er glad for at det vart mogleg å kunne arrangere Øramartna i år att, ettersom fjorårets  martna måtte avlysast på grunn av koronasituasjonen. 


Bli med Fjellgruppa til Svarthammaren

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. august 2021

Tysdag 17.august tek Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Svarthammaren oppi Knykja. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30 for samkøyring. Så går turen til Honnstadkroken for å parkere og deretter går turen opp til Svarthammaren, først etter skogsvegen, og sidan etter ein grei sti heilt opp til Svarthammaren. 


Fjellgruppa til Torviksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. august 2021

Etter ein kort sommarferie, starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag oppatt tursesongen i går. Første tur i haustsesongen gjekk til Torviksetra. Det vart ein fin tur, sjølv om turmålet låg 370 høgdemeter høgare enn startstaden. 


Du kan få andre dose med koronavaksine tidlegare

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

I ei statusoppdatering frå Surnadal kommune, om koronavaksineringa, heiter det: – Det kjem fleire vaksinedosar i veke 32 og 33 som gjer at Surnadal kommune no startar med å tilby andre vaksinedose. Surnadal kommune seier seg ferdig med ordinær innkalling for dose ein denne veka, og vi endrar fokus til å prioritere dose to.


Inviterer til familiesjøfiskekveld på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

Torsdag 12.august klokka 19:00 inviterer Surnadal Jeger- og Fiskeforening (SJFF) til familiesjøfiskekveld frå båt, både for store og små, på Nordvik. Dette er eit årvisst arrangement SJFF har arrangert i fleire år, og som har vore eit populært arrangement. 


Robotplenklipparen kom til rette att

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021

Robotplenklipparen som forsvann frå den nedre parkeringsplassen på Haugen vegkryss onsdag ettermiddag, åhar kome til rette att. Politiet opplyser at robotklipparen vart observert sett frå seg, på same plass som den forsvann frå, i går ettermiddag. 


Sollia vassverk – restriksjonar på bruk av drikkevatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. august 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune, blir det opplyst at det er innført restriksjonar på bruk av drikkevatnet frå det kommunale vassverket på Nordvik, Sollia vannverk. Grunnen til dette er lite tilsig av grunnvatn. 


Stavgangarane til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. august 2021

I går var stavgangarane i Surnadal pensjonistlag på sin første tur etter ferien, og denne gongen gjekk turen til Ranessetra. Det vart ein skikkeleg fin tur i høveleg turvêr. Vel framme på Ranessetra varta vertskapet opp med kaffe frå svartkjel og eplekake. 


Politiet ber om tips om forsvunnen robotklippar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 5. august 2021

Mellom klokka 17:55 og 18:15 i går, forsvann det ein Husqvarna 430 robotplenklippar frå den nedre parkeringsplassen (der infotavlene og brødhuset til Matkroken Todalen står) ved Haugen vegkryss. Politiet ber difor om tips frå folk som har passert staden i det aktuelle tidsrommet, og som kan ha sett noko.