Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa til Torviksetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 11. august 2021

Etter ein kort sommarferie, starta Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag oppatt tursesongen i går. Første tur i haustsesongen gjekk til Torviksetra. Det vart ein fin tur, sjølv om turmålet låg 370 høgdemeter høgare enn startstaden. 

To unge gjester i teten opp skogen frå Torvik. Foto: Anne V. Einum

– Randi har i lang tid fortalt oss kor fint det er på setra hennar, og i dag fekk vi syn for segn. Svein Årnes gikk framom oss som kjentmann, og etter 370 høgdemeter sto vi på stølen, fortel Kristian Ranes. 

Setervollen-ved-Torviksetrene. Foto: Anne V. Einum

– Utsikten rundt om var som Randi hadde fortalt, heilt frå Hemnefjell i nordaust til langt uti fysnin i vest, fortsett han.

God matpause på setervollen. Foto: Anne V. Einum

– Vi nytte medbragt ved setra, – det trongst påfyll etter ei bratt li. Svein ville fortsette til Langvatnet, men utsikten til fleire kontrabakkar freista ingen. Forresten såg vi torveret som kom frå Rindalen, og rakk akkurat bilane før regnet nådde oss, avsluttar Kristian.

Tilbake til Torvik. Foto: Anne V. Einum

Neste veke tek Fjellgruppa turen til Svarthammaren oppi Knykja.

Under kan du sjå fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur til Torviksetra: 

Takk til Kristian Ranes for informasjon og Anne V. Einum for bilete frå turen. 

Publisert: 11. august 2021, 04:25