Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Du kan få andre dose med koronavaksine tidlegare

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 9. august 2021
I ei statusoppdatering frå Surnadal kommune, om koronavaksineringa, heiter det: – Det kjem fleire vaksinedosar i veke 32 og 33 som gjer at Surnadal kommune no startar med å tilby andre vaksinedose. Surnadal kommune seier seg ferdig med ordinær innkalling for dose ein denne veka, og vi endrar fokus til å prioritere dose to.
Ein del ledige dosar 13.augustTil deg som har fått første vaksinedose for 21 dagar sidan eller meir, så kan du få andre vaksinedose den 13. august. Vi ber om at du sender ein epost til gunn.heidi.ansnes@surnadal.kommune.no for å melde di interesse, – her er det første mann til mølla som gjeld.Flytting av timar

Frå veke 33 vil Surnadal kommune starte med å flytte timar. Der er prinsippet at dei som har venta lengst får først.

Du vil motta ein SMS frå c19 med ny time. Surnadal kommune ber om at ein ikkje kontaktar vaksinetelefonen for å endra timen sin før ein får SMS. Om timen du får ikkje passar kan du kontakte vaksinetelefonen.

Fortsatt ikkje fått tilbod?

Alle skal no ha fått SMS frå c19 om at dei er prioriterte for koronavaksinering. Dersom du ikkje har fått det, ber kommunen deg ta kontakt med vaksinetelefonen ( tlf. 913 79 001) for hjelp til å bestille time.

God respons

Vaksinekoordinator er godt fornøgd med responsen frå innbyggarane i Surnadal kommune. Dei har vore dyktige til å gje tilbakemelding i c19 om dei ønskjer å nytta seg av tilbodet eller ikkje. Er du ein av dei som ikkje har logga deg inn og gitt respons ber kommunen om at du gjer dette no. Da kan kommunen få ein oversikt over kor mange som reknar med dei skal ha tilbod om dose ein framover

Publisert: 9. august 2021, 15:39