Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgangarane til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 6. august 2021

I går var stavgangarane i Surnadal pensjonistlag på sin første tur etter ferien, og denne gongen gjekk turen til Ranessetra. Det vart ein skikkeleg fin tur i høveleg turvêr. Vel framme på Ranessetra varta vertskapet opp med kaffe frå svartkjel og eplekake. 

Praten gjekk lett. Foto. W. Ø. Kvendset

Ranessetra viste seg frå si beste side, og det vart ein triveleg tur. Stavgangarane takkar vertskapet for traktering og gjestfriheit. 

Ranessetra. Foto: W. Ø. Kvendset

Takk til Wenche Ø. Kvendset for informasjon og bilete frå turen. 

Kaffepause på Ranessetra. Foto: W. Ø. Kvendset

Først publisert: 6. august 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 5. august 2021, 19:55