Søya stiller lag i 6.divisjon
Det er mange sesongar sidan sist Søya stilte med eige seniorlag (utan skråstrek) i fotball. Men i år er det påmeldt eit senior fotballag i 6.divisjon. Tysdag kveld var gjengen samla for å skrive kontrakt og planlegge sesongen. Dei fleste av spelarane på årets Søya-lag er rutinerte karar med, ei allereie, lang karriere attom seg.