Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G12 – Dahle

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. september 2021

I kveld var det duka for seriekamp mellom Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G12 og Dahle på Bordholmen stadion. Etter ein periode med mykje nedbør, passe det godt med ein kveld med opphaldsvêr når det skulle spelast fotball, sjølv om termperaturen ikkje var mykje å skryte av!  

Mykje folk hadde møtt fra for å sjå kampen. Foto: B G Ansnes

Heimelaget opna kampen klart best og tok ganske tidleg ei tomålsleiing. Men utover i omgangen kom Dahle meir med og mot slutten av omgangen overtok dei meir og meir. Til pause hadde bortelaget snudd kampen til sin fordel og leie med to mål. 

Kvass/Ulvungen-Søya/Todalen G12. Foto: Julia Halle

Andre omgang var meir jamspelt, men kristiansundarane låg litt framom i målprotokollen i store delar av omgangen. Dei siste fem minutta av kampen pressa heimelaget på for utlikning, og i det siste speleminutt klarte heimelaget å få ballen i mål. Så då kveldens gode og tydelege dommar, Ola Magne Nordvik, bles i fløyta for siste gong, viste resultattavla 8 – 8 og uavgjort. 

Dahle G12. Foto: B G Ansnes.

Ein god og underhaldande kamp med mykje godt spel, frå båe lag, gav publikum i alle fall noko å verme seg på! 

Kampen er i gang. Foto: J S Ansnes

I kiosken var det og bra trøkk gjennom kampen. Ein «slager» her var bakels med graut, men og andre varer gjekk jamt og trutt unna. 

Stor innsats og mykje godt spel. Foto: J S Ansnes

Publisert: 13. september 2021, 19:30