Eystein Opdøl – etterlyser sauer
Eystein Opdøl har teke kontakt med redaksjonen for å etterlyse nokre sauer. Det er snakk om to unge søyer med to lam kvar, og ei søye med eitt lam. Sauene går vanlegvis i Innerdalen, men sidan Eystein ikkje har sett snurten av sauene under saueleitinga, mistenker Eystein at dei har trekt ned i liene i Todalen, utover mot Øyakjerringa/Virumkjerringa eller utover mot Vasnebba/Grånebba. Det er også mogleg dei har trekt innover mot Bjøråskaret og Storfjellet.
