Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.


kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 12. mars 2022

Todalen Grendalag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 7. april klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Finn Ranes eller Ola Dalsegg innan 20. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet må sendast skriftleg til styret ved Ragnhild Ansnes Moe innan 27. mars. 


Kirsti Edøy blir ny styrar på Vangshaugen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 11. mars 2022

I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) i ettermiddag, blir vi informert om at Kirsti Edøy frå Molde blir ny styrar på Vangshaugen turisthytte. Vangshaugen turisthytte ligg ved Storvatnet i Grødalen, i Sunndal kommune, og er etter KNT sitt eige utsagn, ei av dei flottaste turisthyttene i Norge og KNT. Vangshsugen turisthy har i over 120 år teke i mot fjellfolk, og har sidan 1934 vore driven og eigd av KNT.  


Trimpoeng – litt problem etter oppdatering

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. mars 2022

Etter ei oppdatering av Trimpoeng-appen «På tur i Todalen» natt til i dag, opplever somme at det er problem med å få sjekke inn på turmåla i appen. Elinor Bolme i Trimgruppa i Todalen Idrettslag seier at ei mogleg løysing er å avinstallere appen og deretter laste den ned på nytt. Etterpå er det berre å logge seg på att med ditt vanlege brukarnamn og passord. 


«På tur i Todalen» – besøk nummer 2000 registrert i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. mars 2022

Sidan «På tur i Todalen»-appen vart lansert 1. oktober er det akkurat no registrert totalt 5410 innsjekkingar på dei 25 turmåla som er med i «På tur i Todalen». Toåa tursti er det turmålet med desidert flest innsjekkingar, og i dag vart innsjekking nummer 2000 registrert i turstien. Toåa tursti er også eitt av Stikk UT!-vinter sine turmål, og her er det, sidan oppstarten 1. desember i fjor, registrert 267 innloggingar akkurat no. 


Varma opp til kvinnedagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. mars 2022

Mange møtte opp i går kveld da Todalen sanitetsforening inviterte til strøyminga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse: – «Det personlege er politisk» , som vart sendt direkte på storskjerm i ungdomshuset, frå Youngs i Oslo. Arrangementet til NKS er ein del av sanitetskvinnene si markering av den internasjonale kvinnedagen, som blir markert i dag. 


Todalen.no kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. mars 2022

Todalen.no kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 6. april klokka 20:00. Vanlege årsmøtesaker. Den som vil seie frå seg verv, må gjere skriftleg til valnemnda ved Frode Grønmyr eller Ståle Ansnes, innan 13. mars. Saker ein ønsker å få behandla på årsmøtet, må sendast skriftleg til styret innan 30. april. Fullstendig sakliste blir kunngjort her på Todalen.no 31. mars. 


Innkalling til årsmøte i Todalen historielag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 7. mars 2022

Todalen historielag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 29. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli offentleggjort her på Todalen.no 21. mars. Den som vil seie frå seg verv, må gjere dette skriftleg til valnemnda ved Kristian H. Gjeldnes eller Ola Bruset, innan 15. mars. Saker ein ønsker behandla på årsmøtet må sendast styret skriftleg innan 15. mars. 


KNT opnar Aursjøhytta for påsketuristane

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 6. mars 2022

I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening no i kveld, får vi oss fortalt at draumen om påskesol, appelsiner og kvit snø lever i beste velgåande, no inn mot påske. Aursjøhytta opnar 8. april, og blir altså open gjennom påska.  Bestyrar på Aursjøhytta, Nils Johan Michelsen, ser fram til å ta i mot skiglade påsketuristar på ei av hyttene som kan garantere rikeleg med snø i påska. – Selv om det er noen uker til, så stiller jeg med snøgaranti, sier en skråsikker Nils Johan.


Stort 50 års lag med mange overraskingar

Stig Husby Sundag 6. mars 2022

Denne veka fyllte Torkjel Ansnes Moe 50 år, og slike store dagar må sjølvsagt feirast. Laurdag ettermiddag var det samla mykje folk i Todalen Ungdomshus som ville gjera stas på jubilanten. Det som var spesielt denne gongen var at Torkjel sjølv ikkje hadde ei aning om kva som skulle foregå. Så her har det vore ein dyktig arrangørkomite og inviterte gjestar som har klart å halde dette skjult i lang tid.


Todalen sanitetsforening med nytt «kunstlotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. mars 2022

Todalen sanitetsforening sitt årlege «kunstlotteri», har etter kvart vorte ein tradisjon, og 2022 blir ikkje noko unntak i så måte. I år er det kunstverket «Håp om fred» laga av Tanja Heggem Grimsmo som blir lodda ut. Lodd kjøper ein via Vipps: 101456. Hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn lodda skal stå på. Kvart lodd kostar 20,- kroner. Salet av lodd tek til i dag, og trekninga blir under Todalen sanitetsforening sitt årsmøte neste år. 


Svinviks arboret treng sesongarbeidarar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. mars 2022

Svinviks arboret søker no etter sesongarbeidarar for sesongen 2022. Arboretet har behov for tre sesongarbeidarar, og gjeld i perioden mai – august, da arboretet er ope for publikum. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak bestå av å vere vertskap for besøkande, betjene kafe og kasse, baking/matlaging, servering, dagleg reinhald og anna forefallande arbeid. Omvisingar og enkelt hagearbeid kan og bli lagt til stillingane.  


Auka fokus på eigenberedskap

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. mars 2022

Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande til at det meste fungerer som det skal. Men vi er heilt avhengig av straum, vatn og internett – og nettopp der er vi mest sårbare. Situasjonen i Ukraina gjer at myndigheitene i desse dagar har auka fokuset rundt det med eigenberedskap og enkle råd for å vere best mogleg rusta, dersom ein krisesituasjon skulle oppstå.