Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening med nytt «kunstlotteri»

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 5. mars 2022

Todalen sanitetsforening sitt årlege «kunstlotteri», har etter kvart vorte ein tradisjon, og 2022 blir ikkje noko unntak i så måte. I år er det kunstverket «Håp om fred» laga av Tanja Heggem Grimsmo som blir lodda ut. Lodd kjøper ein via Vipps: 101456. Hugs å skrive i meldingsfeltet kva namn lodda skal stå på. Kvart lodd kostar 20,- kroner. Salet av lodd tek til i dag, og trekninga blir under Todalen sanitetsforening sitt årsmøte neste år. 

Det vil og vere mogleg å kjøpe lodd i «kunstlotteriet» under «Todalen sanitetsforening varmar opp til kvinnedagen» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars mellom klokka 18:00 – 20:00, der Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse på Youngs i Oslo, blir strøyma og vist direkte i ungdomshuset. 

Todalen sanitetsforening sin plakat for «kunstlotteriet», kan du lese her: «kunstlotteriet 2022»

 


Medlem i Todalen.no –


  

Først publisert: 5. mars 2022, 06:00 - Sist oppdatert: 4. mars 2022, 16:34