Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Varma opp til kvinnedagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 8. mars 2022

Mange møtte opp i går kveld da Todalen sanitetsforening inviterte til strøyminga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) sitt arrangement Kvinnehelse: – «Det personlege er politisk» , som vart sendt direkte på storskjerm i ungdomshuset, frå Youngs i Oslo. Arrangementet til NKS er ein del av sanitetskvinnene si markering av den internasjonale kvinnedagen, som blir markert i dag. 

Lydhør for samling under arrangementet Kvinnehelse. Foto: R A Moe

Kvinnehelse er ein viktig del likestillingsarbeid i dag, og difor er dette ei viktig og prioritert sak for NKS. Sanitetskvinnene bidreg kvart år med store summar til forsking på problema og utfordringane som er knytta til kvinnehelse. 

Litt kaffekos vart det også! Foto: R A Moe

Etter litt forsenkingar i Oslo, tekniske problem, både sentralt og lokalt, kom dei etter kvart på «lufta» og alle som var tilstades fekk ein interessant kveld om eit viktig tema. 

Sendinga frå Youngs i Oslo kan du sjå i opptak her: «Kvinnehelse». (Dessverre litt dårleg lyd på sendinga, men det får vi håpe blir ordna etter kvart)! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. mars 2022, 06:00