Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stort 50 års lag med mange overraskingar

Stig Husby Sundag 6. mars 2022

Denne veka fyllte Torkjel Ansnes Moe 50 år, og slike store dagar må sjølvsagt feirast. Laurdag ettermiddag var det samla mykje folk i Todalen Ungdomshus som ville gjera stas på jubilanten. Det som var spesielt denne gongen var at Torkjel sjølv ikkje hadde ei aning om kva som skulle foregå. Så her har det vore ein dyktig arrangørkomite og inviterte gjestar som har klart å halde dette skjult i lang tid.

Den kanskje største overraskinga til jubilanten var det nok Lars Kristian Todal og Sveen Auto som stor for. Jammen vart det ikkje overlevert nøkler til ein splitter ny elbil. Foto: Stig Husby

Torkjel var i anledning dagen bortbestilt som sjåfør til Kristiansund, og vart nok overraska når han såg at noko var i gjere i ungdomshuset.

Jubilanten vart møtt av høglytt gebursdags song og fekk knapt nok tid til å summe seg før neste store overrasking venta. Den var det Lars Kristian Todal og Sveen Auto som stod for.

Ikkje eit 50 års lag utan kakebord, og her var det ordna med blautkake med bilde av jubilanten. Foto: Stig Husby

Torkjel har i lengre tid venta på levering av ein splitter ny elbil, og var kanskje i ferd med å gi opp heile bilkjøpet. Men Lars Kristian og Sveen Auto visste råd.

Det vart overrekt bilnøklar til ein heilt ny Volkswagen ID4, som sjølvsagt også måtte prøvekjørast med ein gong.

Utover kvelden vart det servering av både middag og kaker, og det stod mange oppført på talarlista også etter kvart. Torkjel er ein aktiv herremann som har vore med på mange turar, og det vart vist fram både bilder og film i løpet av kvelden.

Vi takkar så mykje for ei fin feiring, og ønsker jubilanten vel overstått med 50 år.

Kveldens ordstyrar og ein av arrangørene Arnstein oppstilt ved kaffebordet saman med jubilanten. Foto: Stig Husby

Publisert: 6. mars 2022, 11:29