Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«På tur i Todalen» – besøk nummer 2000 registrert i Toåa tursti

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 9. mars 2022

Sidan «På tur i Todalen»-appen vart lansert 1. oktober er det akkurat no registrert totalt 5410 innsjekkingar på dei 25 turmåla som er med i «På tur i Todalen». Toåa tursti er det turmålet med desidert flest innsjekkingar, og i dag vart innsjekking nummer 2000 registrert i turstien. Toåa tursti er også eitt av Stikk UT!-vinter sine turmål, og her er det, sidan oppstarten 1. desember i fjor, registrert 267 innloggingar akkurat no. 

Starten på Toåa tursti sett frå Bønnavollen. Foto: B G Ansnes

Det vil frå i morgon av vere mogleg, via Vipps 519814 og på frivillig basis, å støtte drifta og vedlikehaldet av Toåa tursti.  

Fint i solveggen i gapahuken ved Båthølen. Foto: B G Ansnes

Det er akkurat no fine forhold for å ta ein tur i Toåa tursti. Det er snø og isdekke det meste av turen, men bart på somme korte strekningar. For den som har piggsko eller isbroddar, så kan det vere eit godt alternativ, for å vere på den sikre sida, fram til turstien er heilt snø- og isfri.  

Mange turmål å velge mellom! Foto: B G Ansnes

Uvêret Gyda tidlegare i vinter har teke med seg toppdekket på rundt 40 – 50 meter av turstien, så her må det nok arrangerast ein liten dugnad, for å gruse opp att turstien no når våren gjer sitt inntog for alvor. 

Uvêret Gyda tok med seg toppdekket på ei lita strekning da det for forbi. Foto: B G Ansnes

Frå 1. mai blir Toåa tursti også eitt av dei ordinære turmåla i Stikk UT, så frå da av vil turstien vere eit heilårsturmål i Stikk UT!-konseptet. 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 9. mars 2022, 15:09