Kvass/Ulvungen – Søya/Todalen G10
I kveld tok Søya/Todalen G10 turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjord stadion, for å spele seriekamp mot sin gode nabo Kvass/Ulvungen.
Vi fann 2472 artiklar i dette arkivet.
I kveld tok Søya/Todalen G10 turen over Stangvikfjorden til Ålvundfjord stadion, for å spele seriekamp mot sin gode nabo Kvass/Ulvungen.
I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Ranessetra. Så når vêrgudane også varta opp med skikkeleg fint turvêr, så vart det ein skikkeleg fin tur for dei mange turdeltakarane frå Fjellgruppa.
Todalen historielag og Stangvik historielag planlegg busstur til Surnadal, Rindal og Meldal laurdag 18. juni. Det blir mellom anna besøk på skimuseet i Rindal og middag på Bolme pensjonat på returen frå Meldal. Bussen startar frå Matkroken Todalen, og stoppar elles på Nordvik, Hauahyllå, og rasteplassen før Skei.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer, torsdag 9. juni klokka 11:00, til stavgangtur i Bøverdalen. Parkering ved garden Svorka i Bøverdalen, der vil folk frå stavganggrupp stå og vise veg. – Ta med stolar, seier Svein Tjelle i Stavganggruppa.
Måndag 6. juni (2. pinsedag) klokka 13:00 inviterer Nordvik grendalag, i samarbeid med Todalen historielag og Stangvik historielag, til kulturvandring langs gamlelvegen i Åsbøhauå. Vandringa startar frå Åsbø gard/Åsbøsommarfjøset og går ein runde nedover Åsbøhauan.
Akkurat no går French Open av stabelen i Paris, der nordmannen Casper Ruud søndag spelar finale mot Rafael Nadal frå Spania. Også på Bordholmen er det «topptennis» denne helga. Ole Magnus og Olaus er glade i å spele tennis, og nyttar høvet til å spele når dei er på besøk i Todalen og vêret tillet dette!
Måndag 6. juni (2. pinsedag) er det meldt fint vêr og sol! Slettneset steinovnsbakeri inviterer difor til open kafé frå klokka 12:00 – 16:00. Her kan dei freiste med god kaffe og nybaka kaffebrød. Så da er det berre å ta turen til Slettneset for formiddagskaffe på måndag!
Nordmøre Forsvarsforening inviterer til dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen laurdag 18. juni klokka 10:00 – 16:00. Det er planlagt å få måla vêrveggen, samt å vaske og rydde innvendig. Anna forefallande arbeid kan også bli akruelt.
Tysdag 7. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til det dei kallar ein «Stastur»! Da går dei nemleg trekanten frå Skeisnebbparkeringa over Salen og til Ranessetra.
I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen.
Surnadal Arbeiderparti kallar inn til ekstraordinært årsmøte onsdag 29. juni klokka 19:30, i kantina på Surnadal sjukeheim. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort onsdag den 22. juni her på Todalen.no.
Pinsa er ikkje «den glømte høgtida» i Stangvik – slik den påståeleg er andre stader. Søndag er det fellesgudsteneste i pakt med tradisjonen. Dei seks kyrkjesokna i Stangvik, Surnadal og Rindal set kvarandre stemne. Og enno knyter gamle band også ålvundfjordingane til si tidlegare kyrkje.