Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ikkje berre i Paris det blir spela tennis

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. juni 2022

Akkurat no går French Open av stabelen i Paris, der nordmannen Casper Ruud søndag spelar finale mot Rafael Nadal frå Spania. Også på Bordholmen er det «topptennis» denne helga. Ole Magnus og Olaus er glade i å spele tennis, og nyttar høvet til å spele når dei er på besøk i Todalen og vêret tillet dette! 

Dei to gutane er glade for at Todalen Idrettslag har eigen tennisbane, som ligg ved klubbhuset på Bordholmen stadion. Dei to gutane er også glade for at det er mogleg å bruke banen gratis og at det er racketar og ballar der, som ein kan bruke. Dei legg sjølvsagt utstyret på plass etter bruk, understrekar dei!

Dei to gutane seier at dei sjølv er best når underlaget er asfalt, medan Casper er best på grus. Dei er ikkje heilt sikre på om dei skal sjå Casper spele finalen på Roland Garros i morgon, men dei ønsker han i alle fall lykke til, og håper at vinn finalen.  

For alle oss andre som vil sjå Casper spele finalen i Paris på TV, så blir finalen sendt på MAX og Discovery+ klokka 15:00 i morgon (søndag).  

Publisert: 4. juni 2022, 13:01