Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søya/Todalen – Tingvoll G10

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. juni 2022

I kveld spela Søya/Todalen G10 heimekamp mot Tingvoll på Bordholmen stadion. Sjølv om vêrgudane ikkje varta opp med det beste vêret å spele fotball i, så var det bra med tilskodarar på kampen. 

Mykje god kjemping i kampen. Foto: B G Ansnes

Første omgang starta med eit spelemessig overtak til gjestane frå Tingvoll, og i denne perioden scora gjestane fleire gonger. Heimelaget kom meir med utover i omgangen slik at det inn mot pause vart meir jamspelt. Men effektiviteten framom mål var ikkje heilt på topp for heimelaget. 

Farleg frispark til Søya/Todalen. Foto: B G Ansnes

Andre omgang vart ein jamspelt omgang, både spelemessig og noteringar i målprotokollen.

 

 

Publisert: 1. juni 2022, 19:41