Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med Fjellgruppa til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. juni 2022

Tysdag 7. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til det dei kallar ein «Stastur»! Da går dei nemleg trekanten frå Skeisnebbparkeringa over Salen og til Ranessetra. 

Kanskje er det seterdeier som har koka kaffe og tent opp på åren, både ute og inne?, fortel Kristian Ranes, i Fjellgruppa, med eit lurt smil. – Da blir det høve til å grille pølser eller anna godt medbore – ta med det du likar best, legg han til.  

Oppmøte ved bommen til Skeisnebbvegen klokka 10:45 og samkøyring derifrå og opp til parkeringsplassen. – Ikkje overlag slitsamt, men ein veldig fin tur!, avsluttar Kristian.

Fjelgruppa ønsker vel møtt til ny tur.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 2. juni 2022, 07:00