Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa tok turen til Ranessetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. juni 2022

I går tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Ranessetra. Så når vêrgudane også varta opp med skikkeleg fint turvêr, så vart det ein skikkeleg fin tur for dei mange turdeltakarane frå Fjellgruppa. 

Oppstart frå Skeisnebbparkeringa. Foto: Anne V. Einum

– «Hjembygdens bakker blide…….» – Wildenvey kunne få sagt det. Og i dag fekk vi ovanfrå Salen sjå kor vakker bygda vår er: velstelte gardar og heimar, ekrer og åkrar er sterkt grøne no før slåtten, likeins skogen fullt utlauva. Og så den blanke, blide elva vår, som svingar seg nedover. Da var ho meir tufsa da «Gyda» slepte laus vasskrafta si, men det har vi mesta gløymt, seier ein entusiastisk Kristian Ranes i Fjellgruppa. 

Utsikt frå Jabenken, høgst oppå Salen. Foto: Anne V. Einum

– Når vi kjem ut av Midtseterdalen og ser utover vatnet mot setra må vi enno ein gong stoppe opp for å nyte synet, legg han entusiastisk til. 

Pølsegrilling på den fine åren i seterskjelet. Foto: Anne V. Einum

– På Ranessetra tok seterdeiene Arne og Nils i mot, med varme på åren og tente ljos på bordet: Velkomne! Kaffen var klar, men grillinga vart så ymse. Det seies at kol skal vera bra for magen, avsluttar han

Dei som heldt ut lengst på Ranessetra. Foto: Anne V. Einum

Rapporten frå turen seier at det var god stemning og mykkjy «toilltal» i solveggen, som det skal vera, når ein er i godt lag!

Ein overlag fin Trekanttur er snart forbi. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå gårsdagens tur kan du sjå nedanfor:

Publisert: 8. juni 2022, 09:38