Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på busstur

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. juni 2022

Todalen historielag og Stangvik historielag planlegg busstur til Surnadal, Rindal og Meldal laurdag 18. juni. Det blir mellom anna besøk på skimuseet i Rindal og middag på Bolme pensjonat på returen frå Meldal. Bussen startar frå Matkroken Todalen, og stoppar elles på Nordvik, Hauahyllå, og rasteplassen før Skei.  

Første stopp på rundturen blir på Rindal skimuseum. Etterpå går turen opp Romundstadbygda, over Vålåskaret og til Meldal. På Vålåskaret blir det servert kaffe og noko å bite i. 

Returen frå Meldal går via Storås til Rindalsskogen, opp Lommundalen og Rørdalen med middag på Bolme pensjonat, der ein vil vere rundt klokka 16:00. Her blir det servert svinesteik, kjøttkaker, desert og kaffe. 

Etter middagen går turen nedover på nordsia av Surnadal, frå Åmot til Øye og videre heimover att.

Guider på turen er Ingebrigt  G. Moen og Ola T. Heggem, medan Øystein Moe er sjåfør. 

Turen kostar kroner 600,- og inkluderer bussbillett, inngang på skimuseet, kafferast og middagen på Bolme pensjonat.

Det er mogleg å betale med Vipps eller kontantar under turen.

Påmelding til John Moe på mobil: 920 48 856 eller e-post: john.moe@talgo.no innan måndag 13. juni. 

Første etappe går etter følgande tidsplan: 

  • Kl. 09:00 – Avgang frå Matkroken Todalen
  • Kl. 09:10 – Nordvik
  • Kl. 09:20 – Hauahyllå
  • Kl. 09:30 – Rasteplassen før Skei
  • Kl. 10.15 –  Rindal skimusem

Todalen historielag og Stangvik historielag oppfordrar fil å bli med på busstur!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 8. juni 2022, 06:00