Idrettslagsbasar – siste dag med førehandssal fredag
Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Siste dag med førehandssalet av lodd, er i dag, fredag 4. november på Matkroken Todalen frå klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps. Siste frist for å kjøpe lodd via vipps, er laurdag 5. november klokka 24:00.