Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets Halloweenfeiring på Nordvik på Snytå

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. november 2022

I går var det som kjent Halloween, og på Nordvik vart feiringa av Halloween i år lagt til Snytå. Alle ungane på Nordvik var invitert til feiringa, og rundt tjue ungar tok turen opp til Snytå. I tillegg var det ein del vaksne som også vart med på feiringa.  

Grilling av pølser på bål. Foto: Karin Åsbø

Alle køyrde opp til parkeringa, der ein går opp til Snytå. Derifrå tek det om lag ti minutt å gå oppover lia til Snytå. Lia oppover til Snytå, var for anledninga, pynta med flammar på kubbar, graskar og andre skumle skapningar hengande frå trea.

Trollsk stemning under Halloweenfeiringa. Foto: Karin Åsbø

Framme på plassen vart det servert pølser grilla på bål, popcorn, bålkaffe og sjølvsagt godteri. Etterpå var det mørkegjøymsel. 

Kreativ utkledning og sminking. Foto: Karin Åsbø

Det vart ein triveleg kveld og ei rin feiring av Halloween, for både store og små!

Stien opp til snytå var dekorert med både graskar og skumle figurar hengande frå trea. Foto: Karin Åsbø

Publisert: 1. november 2022, 16:33