Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eigenberedskapsveka markert i Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 2. november 2022

Sanitetsforeiningane i Todalen og Surnadal har ei felles Omsorgsberedskapsgruppe. Denne veka markerer dei den nasjonale eigenberedskapsveka rundt om i Surnadal kommune. Eigenberedskap er dessverre meir aktuelt enn på lenge, med krig i Ukraina, cyberangrep og hyppigare ekstremvêr, som mellom anna fører til flaumar, straumbrot og mobilnettutfall. 

I dag var det Matkroken Todalen som fekk besøk av folk frå Omsorgsberedskapsgruppa. Her var det utstilling av dei tinga  Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefalt oss å ha i vårt eige beredskapslager. Dei delte også ut brosjyrer og sanitetsdamene spanderte Twist.

DSB anbefaler alle husstandar i Norge å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggarar.

Eksempel på beredskapslager:

  • 9 liter vatn per person, sikkerhverdag.no/din-beredskap
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ein pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinomn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri eller parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • førstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, ladet batteribank og mobillader til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • sanitetsprodukt
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/rødsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar ved atomhendingar skal KUN takast dersom nasjonale myndigheiter varslar at dette er nødvendig og KUN dersom du er under 40 år, gravid eller ammande. Les meir på dsb.no

Eigenberedskapsveka er i år i perioden frå 31. oktober til og med 6. november. 

 

Publisert: 2. november 2022, 12:22