Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Idrettslagsbasar – siste dag med førehandssal fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 4. november 2022

Søndag 6. november klokka 15:00 – 18:00 er det Idrettslagsbasar i Todalen ungdomshus. Siste dag med førehandssalet av lodd, er i dag, fredag 4. november på Matkroken Todalen frå klokka 10:00. Det er også mogleg å kjøpe lodd via Vipps 527926. Hugs å skrive namnet på loddkjøpar når du kjøper via Vipps. Siste frist for å kjøpe lodd via vipps, er laurdag 5. november klokka 24:00.

På sjølve basaren i Todalen ungdomshus søndag 6. november, blir det stort basarbord med fine gevinstar, eige barnebord, lykkehjul og pilkast. Sal av kaffe. bakels med graut og brus.

Ca. klokka 16:45 er det utdeling av premiar for trimåret 2021/22 (1. oktober 2021 – 30. september 2022), og premiar til dei som har vore med på friidrett på Bordholmen stadion i sommar.

Todalen Idrettslag er takksame for gevinstar til basaren.

Todalen Idrettslag ønsker alle velkommen innom Matkroken på førehandssal og på basaren søndag 6. November!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 4. november 2022, 06:00