Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2366 artiklar i dette arkivet.


Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 20. september 2022

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» onsdag 28. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te. Dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00. 


Bli med stavgangarane langs Søya

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

Torsdag 22. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur langs Søya. «Ta av vegen ned mot elva, ved Tretta gård», seier Svein Tjelle i Stavganggruppa. «Parkering ved elva», legg han til.


Surnadal kino – norgespremiere på «Krigsseileren»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

«Krigsseileren» er eit storslått drama som fortel historia om dei over 30.000 norske krigsseglarane og deira familiar si skjebne under og etter andre verdskrig. Vi følger sjømannen Alfred, gift med Cecilia og nybakt trebarnsfar frå Bergen. Når andre verdskrig bryt ut, er han og barndomskameraten Sigbjørn på jobb på eit handelsskip midt ute i Atlanterhavet.


Lauvfall 2022 i galleri Finstuå

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 19. september 2022

Laurdag 24. september klokka 15:00 opnar Surnadal kunstforening utstillinga Lauvfall 2022 i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Det er 20 år sidan Surnadal kunstforening, for første gong, arrangerte denne juryerte haustutstillinga, og det er stor stas å kunne ønske kunstnarar og publikum velkommen til Lauvfall 2022, heiter det i pressemeldinga frå kunstforeninga.


Sigrid og Hedda «på turne»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. september 2022

Sigri V. Bøe og Hedda Hansen Berg skal ha konserterer i kulturhuset og Sagatun torsdag 22. september. Det blir meir som eit stunt, med ein kort konsert i foajeen på kulturhuset klokka 11:00 og i Sagatun grendahus kl. 13:00, og det er gratis inngang båe stadane!


Tjuveri frå parkert gravemaskin på Nordvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. september 2022

I løpet av dei par siste vekene, har nokon stjåle alle lysa på ei gravemaskin, som har stått parkert i hyttefeltet på Øygarden på Nordvik. Det var LED lys på gravemaskina, og det er tydeleg at tjuvane har vore ute etter akkurat dette, for anna dyrt utstyr som GPS og liknande er ikkje stjåle. 


Stavgangarane til Sjøasetervatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. september 2022

I går gjekk Stavgangruppa i Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Sjøasetervatnet. Etter mange veker med fint turvêr og sol, var vêrmeldingane for dagens tur ikkje dei aller beste. Men da stavgangarane kom opp til vatnet, kom sola fram. 


Brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 16. september 2022

Vi går mot ein vinter med høge straumprisar og dermed auka bruk av vedfyring som ei av varmekjeldene. Med bakgrunn i dette hadde brannvesenet i Todalen, i går kveld, brannøving med fokus på pipebrannar og førstehjelp.  


Bli med Fjellgruppa til Blåfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Tysdag 20. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur til Blåfjellet i Heim kommune. Som kjent vart tysdagens planlagde tur dit avlyst på grunn av veret, men no prøver dei altså på att, og satsar på at vêrgudane er meir samarbeidsvillige denne gongen.


Start 4H på fisketur

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Start 4H er ein triveleg gjeng ungdommar mellom 10-17 år. Klubben har eige klubbrom i Skulstuå og i tillegg til klubbmøter der, møtes dei til forskjellige aktivitetar rundt om i lokalmiljøet, slik som sist søndag, da medlemmene tok ein fisketur på Todalsfjorden. 


Kallar inn til medlemsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Onsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget. 


Bli med Pensjonistlaget på trivselskveld på hotellet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 15. september 2022

Onsdag 12. oktober klokka 19:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til trivselskveld på Thon Hotel Surnadal. Her blir det servert heilstekt ytrefilet med potetmos, ovnsbakt asparges, tomatar og soppsaus. Creme brulee med friske bær og bringebærsorbett til dessert og sjølvsagt kaffe.