Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik Kårvatn vart Norgesmeister i sprint

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 4. desember 2022

I helga har Romsdal Randoneeklubb arrangert Classic Norway Hotels randoneecup på Bjorli. Laurdag var det NM i sprint og i dag var det Norgescup. I juniorklassen U20 var det todalingen og landslagsutøvaren Erik Kårvatn, som representerer Trollheimen fjellsportklubb, som var raskast under båe løpa i juniorklassen, og kan dermed kalle seg Norgesmeister i randonee sprint! 

Også Aron Rodal Haugen frå Trollheimen fjellsportklubb har delteke i dei to løpa på Bjorli i helga. Han deltok i klassen U16, og fekk også med seg to førsteplassar, men i denne klassen var det ikkje kåring av Norgesmeister.  

Resultatlistene for båe dagane finn du nedanfor:

Classic Norway Hotels randoneecup 3.12.22 – NM Bjorli

Resultatliste – Classic Norway Hotels randoneecup 4.12.22 – Bjorli

Fleire bilete frå kunkurransane på Bjorli kan du sjå nedanfor:

Publisert: 4. desember 2022, 20:30