Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimen Fjellsportklubb med klubbkveld på Kårvatn Fjellutstyr

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 6. desember 2022
Torsdag 15. desember inviterer Trollheimen Fjellsportklubb sine medlemmer til handlekveld på Kårvatn Fjellutstyr mellom klokka 18:00 – 21:00. 
 
Det kan denne kvelden freistast med heile 40% rabatt på alle varer frå SkiTrab, SirJoseph, Contour, Crazy, Gipron og Scarpa. Elles er det 30% på resten av varene i butikken.
 
I tillegg vil Erik Kårvatn vere til stades for å halde eit miniforedrag om sporten randonee, og kva for moglegheiter det er innan landets mest veksande vintersport. Erik vil, saman med andre, også vere tilgjengeleg for å svare på spørsmål som måtte dukke opp frå medlemmane av fjellsportklubben, relatert til utstyr, teknikk og trening.
 
Så dei som er litt usikre på kva utstyr dei treng, og/eller har lyst til å lære litt om randonee, så er dette kvelden for å få svar på dette, og difor legge turen til Kårtan. 
 
Dersom det er nokon som ikkje er medlem, men som ønsker å kome, må dei melde seg inn i Trollheimen Fjellsportklubb. Dette gjer ein slik:
 
«- Gå til Innmeldingsside (nif.no) og søk etter Trollheimen Fjellsportklubb
– Har du en bruker logger du inn, hvis ikke lager du en
– Trykk «Jeg skal bli medlem» og huk av for «Medlemskontingent (100,00)».
– Velg løp utenfor bane og/eller randonee, men ikke nødvendig
– Trykk fortsett
– Her er det mulighet for å legge til barn og øvrige familiemedlemmer
– Trykk fullfør.»
 
Ta kontakt med Emil på telefon 401 06 889, dersom du har spørsmål om handlekvelden eller har utfordringar med eventuell innmelding.
 
Trollheimen Fjellsportklubb håper å sjå mange på julegåvehandelen på Kårvatn denne kvelden!
 
Handlekveld på Kårvatn Fjellutstyr
Publisert: 6. desember 2022, 13:55