Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2473 artiklar i dette arkivet.


Populært med ishockey

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. februar 2023

Surnadal Blades, som har med fleire todalingar på trening og kampar, var laurdag på trening og treningskamp i ishallen Arena NordVest i Kristiansund. Frå Todalen var det Jakob, Nicole og Hallvard, Lars Ailo og Mikael som deltok denne helga. Først var det trening saman med hockeymiljøet i Kristiansund, før dagen vart avslutta med treningskamp mot IL. Braatt. I tillegg var Lisa og Natasha med på treninga og ikkje minst som ivrige supporterar under treningskampen.


Prisauke på TV-pakkane frå Svorka

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. februar 2023

I statsbudsjettet for 2023 fjerna regjeringa momsfritaket for elektroniske nyheitstenester frå 1. januar. Det betyr at prisen på TV-pakkane frå dei ulike leverandørane aukar litt. For dei med TV-pakkar frå Svorka, aukar prisen på TV-pakkane med 22 kroner frå 1. februar. Dette melder Svorka på sine heimesider.


Populært med Pink Floyd

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. februar 2023

Tre veker før premieren, er dei to konsertane med «Surnadals Hyllest til Pink Floyd», der todalingen Ingebrigt K. Bergli er ein av koristane, er allereie så godt som utselde. Det er difor allereie no sett opp ein ekstra konsert laurdag den 25. februar.  


Frå Chaplin til mumiar på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Onsdag 8. februar klokka 12:00 inviterer Seniorfilmklubben til filmen Diktatoren av Charlie Chaplin på Surnadal Kino. Elles er kinoprogrammet dominert av Spielberg, Munch og premiere på barnefilmen «Mumiar på eventyr». 


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Styret i Surnadal kunstforening kallar inn til årsmøte onsdag 22. februar klokka 19:00 i lokala til Surnadal frivilligsentral på Skei. Vanlege årsmøtesaker.


Etablerarlunsj – kickstart bedrifta di

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Onsdag 1. mars klokka 11:00 – 13:00 inviterer Vindel og Surnadal kommune til «Etablerarlunsj» på Surnadal kommunehus. Så har du ein gründerdraum? Treng du hjelp til å komme i gang med bedrifta di? Lurar du på kva midlar og tenester det er mogleg å søke for bedriftsutvikling? Da er dette rette plassen den 1. mars!


Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. februar 2023

Torsdag 2. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!


Vi vart ein mindre i 2022

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 1. februar 2023

Folketalsstatistikken for Todalen (Svinvika – Kårvatn), viser at det 31.12.2022 var 293 todalingar, ein nedgang på 1 i forhold til tala 31.12.2021. Det var ved årsskiftet 140 kvinner og 153 menn busett i Todalen. Gjennomsnittsalderen var ved årsskiftet 2022/23 47,1 år, akkurat det same som ved årsskiftet 2021/22. Det er Todalen bøgdalag sin eigen folketalsstatistikk som syner dette. 


Sesongens første «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. januar 2023

I kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa. 


«Barn i løypa» i kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. januar 2023

Barne- og undomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til sesongens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra i kveld klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft til deltakarane. 


Engasjerer seg for å busetje flyktningar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. januar 2023

For ei lita stund sia, gjekk Surnadal kommune ut i media og etterspurde utleigebustadar til flyktningar. Ein gjeng med samfunnsengasjerte privatpersonar og lokalpolitikarar frå Todalen, med delvis fast oppmøte i kaffekroken på Matkroken, har ei god stund engasjert seg for å finne bustadar til flyktningane i Todalen. Måndag var dei på synfaring i lokala til den midlertidig stengte barnehagen og i lokala til nedlagte skulen i Todalen. 


Kvanne – Rykkjem innstilt fram til 07:30

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. januar 2023

Fergetrafikken på rute 1061: Kvanne – Rykkjem er innstilt fram til klokka 07:30. Grunnen til innstillinga er høg sjø ved Rykkjem fergekai, noko som gjer det særs vanskeleg å legge til der. Også rute 1072 Halsa – Kanestraum var innstilt fram til klokka 06:30 på grunn av høg sjø.