Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sesongens første «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 31. januar 2023

I kveld hadde Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag invitert til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Finn Ranes i Barne- og ungdomsgruppa rapporterer om strålande forhold for å gå på ski i lysløypa. 

Fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Foto: Finn Ranes

Det var litt kort varsel for kveldens «Barn i løypa», da det lenge ikkje såg ut til bli nok snø i traseen, men snafallet natt til i dag gjorde det mogleg å køyre opp spor. Det var heilt sikkert grunnen til at oppmøtet ikkje var rekordstort denne gongen, men dei som møtte opp hadde det artig og fekk gått mykje på ski. 

Endeleg vart det skiføre att! Foto: Finn Ranes

Etterpå serverte Barne- og ungdomsgruppa varm saft til deltakarane i gapahuken, noko dei sette stor pris på. 

Litt anna aktivitet var det også tid til! Foto: Finn Ranes

Barne- og ungdomsgruppa satsar på å arrangere «Barn- i løypa også neste tysdag, den 7. februar klokka 18:00 – 19:00. 

Fine forhold for å gå på ski i lysløypa. Foto: Finn Ranes

Finn seier at det var fine forhold for å gå på ski i lysløypa på Tjønnmyra, så er det nokon som har lyst til å gå på ski, så er det berre å ta turen til lysløypa både på dag- og kveldstid! Som kjent er lysløypa på Tjønnmyra eitt av turmåla i Stikk UT! Vinter. 

Publisert: 31. januar 2023, 20:19