Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Etablerarlunsj – kickstart bedrifta di

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. februar 2023

Onsdag 1. mars klokka 11:00 – 13:00 inviterer Vindel og Surnadal kommune til «Etablerarlunsj» på Surnadal kommunehus. Så har du ein gründerdraum? Treng du hjelp til å komme i gang med bedrifta di? Lurar du på kva midlar og tenester det er mogleg å søke for bedriftsutvikling? Da er dette rette plassen den 1. mars!

Vindel og kommunane på Nordmøre har formalisert eit samarbeid med tre kompetansehevande arrangement per kommune i 2023. Det første arrangementet i Surnadal er altså 1. mars og heiter «Etablerarlunsj – kickstart din bedrift».

Du får vite korleis dei ulike aktørane kan hjelpe deg med di gründerreise gjennom rådgiving, bedriftsutvikling, og finansiering. «Etablerarlunsjen» passar også for nyetablerte bedrifter som har behov for hjelp i ein vekstperiode.

På «Etablerarlunsjen» stiller representantar frå InnvenoVindel og Surnadal kommune. Dei vil gje deg informasjon om korleis dei kan hjelpe og støtte deg i prosessen med å utvikle bedrifta di. 

Program

  • Kl. 11:00 – 12:00 – presentasjon med spørsmål og svar
  • Kl. 12:00 – 13:00 – Ein til ein samtalar med dei ulike aktørane om din ide eller prosjekt.

Det blir servert ein enkel lunsj og kaffe.

Påmelding via epost: sylvia@vindel.no eller på Telefon: 917 94 449 innan måndag 27. februar.

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 2. februar 2023, 09:30 - Sist oppdatert: 1. februar 2023, 21:10