Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Engasjerer seg for å busetje flyktningar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 30. januar 2023

For ei lita stund sia, gjekk Surnadal kommune ut i media og etterspurde utleigebustadar til flyktningar. Ein gjeng med samfunnsengasjerte privatpersonar og lokalpolitikarar frå Todalen, med delvis fast oppmøte i kaffekroken på Matkroken, har ei god stund engasjert seg for å finne bustadar til flyktningane i Todalen. Måndag var dei på synfaring i lokala til den midlertidig stengte barnehagen og i lokala til nedlagte skulen i Todalen. 

Todalen oppvekstsenter har eit stort og innhaldsrikt leieområde med ballbinge. Foto: Ingri Bruset

Etter synfaringa var det full semje om at det med enkle tilpasningar og små kostnadar, kan lagast fire bueiningar i dei kommunale bygningane. I tillegg kan det lagast ytterlegare to bueiningar. For å få til desse to bueiningane er det naudsynt med meir omfattande ombyggingsarbeid, som da sjølvsagt vil koste litt for å få til. Det ligg også ei bueining i umiddelbar nærheit til oppvekstsenteret, som muligens kunne ha vore aktuell som bustad, om eigaren er interessert. 

Todalen barnehage ligg sentralt midt i bygda og rett ved busstopp. Foto: Ingri Bruset

Den engasjerte gjengen vil no ta kontakt med kommunen og gjere dei merksame på dette, samstundes som dei vil poengtere at dette er ei god løysing for kommunen, både økonomisk og driftsmessig, sidan det er kommunen sjølv som eig bygningane. 

Todalen har også eit godt skulebusstilbod, noko som gjer det enkelt og problemfritt å få eventuelle bebuarar til og frå undervisning i Surnadal. I tillegg er det butikk og mange fritidsaktivitetstilbod i gangavstand frå eventuelle bustadar på oppvekstsenteret. 

Med den knappe tilgangen det no er på sentrumsnære bustadar i Surnadal, må ein vere villig til å ta i bruk dei ledige boligressursane som er lokalisert ute i bygdene også, avsluttar dei engasjerte todalingane. 

Publisert: 30. januar 2023, 19:19