Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3630 artiklar i dette arkivet.


Meldingar frå biblioteket i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 6. juli 2022

Sommaren er tid for å lese – og ta ferie… Feriestengt. Det er ikkje rom for ferievikarar, så biblioteket i Surnadal vil vere heilt stengt i tida 18.–31. juli. Biblioteket vil ha meirope tilgang, for dei med slik avtale, 1.–7. august.


Laks på kroken i Nedre Skjorahølen i kveld

Stig Husby Tysdag 5. juli 2022

Regnveret og rett temperatur i Toåa lovar godt for fisket dei komande dagane. I kveld møtte vi på ein fornøgd fiskar på veg heim frå Nedre Skjorahølen, der han fekk på ein laks på fin størrelse.



Stavgangarane tek turen til Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 4. juli 2022

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til stavgangtur til Tjønnmyra torsdag 7. juli. Stavganggruppa hadde eigentleg Nauståfossen på programmet, men dei tek altså turen til Tjønnmyra, og går tur der i staden.


Tømmekalenderen for tredje kvartal er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 3. juli 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for tredje kvartal, inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tredje kvartal strekker seg frå 1. juli – 30. september. Tømmekalenderen for fjerde kvartal, vil bli lagt inn siste halvdel av september månad. 


Trekningsliste SUPERLOTTERIET

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. juli 2022

SUPERLOTTERIET til Todalen Idrettslag, som har hatt førehandssal i vekene inn mot Todalsdagen, vart trekt i dag klokka 14:00. Det vart selt totalt 1227 lodd, noko som gir ei kjerkoma inntekt til Todalen Idrettslag. 


Inviterer til grilling og kaffesal i dag klokka 18:00

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 2. juli 2022

Todalsdagen 2022 vart avlyst kort tid etter start på grunn av dårleg ver. Difor inviterer Todalen Idrettslag alle i Todalen til sal av grillmat, graut og bakels, kaffe og kioskvarer på Bordholmen klokka 18:00 i dag. 


Sesongavslutning for Fjellgruppa

Anne V. Einum Torsdag 30. juni 2022

Siste tur før ferien gjekk i dag, 30. juni, til Vardfjellet. Vi starta opp frå Øygarden, øvst i Bøverdalen, i ca. 25 plussgrader og med skyfri himmel.


Stavgangarane til Bøverdalen

Svein Tjelle Torsdag 30. juni 2022

Vi parkerte bilane ved Alvstusetra og derifra gikk vi til austenden av Krokvatnet. Vi fortalte om at det før har vore ein gard her, Austigarden.


Siste bakeriutsal før sommaren

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. juni 2022

Fredag 1. juli, mellom klokka 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Dette er siste bakeriutsal før sommarferien. Her er det mogleg å få kjøpt både fleire sortar med grovbakst, og ikkje minst ein godbit for å kose seg med i sommarferien. 


Lunsjvandring i arboretet i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. juni 2022

Onsdag 29. juni, arrangerer Svinviks arboret nok ei «lunsjvandring» i arboretet. Oppmøte ved kafeen klokka 12:00, for den som vil delta på ei halvtimes vandring i lag med fagansvarleg i Svinviks arboret, Katarina Wedelsback Bladh. Dette kan godt kombinere med eit besøk i kafeen før eller etter vandringa. Svinviks arboret kan også freiste med fotoutstillinga «Store lille verden» som Jõrg Brunke akkurat no har i den gamle billettbua i arboretet. 


Stavgangarane tek turen til Krokvatnet

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. juni 2022

Torsdag 30. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Krokvatnet. Oppmøte ved Dømmheim bedehus for samkøyring, da det er bomveg.