Stem på månadens bilete for april
Her kjem nokre blinkskudd fra april, kva bilete likte du best?
Vi fann 3519 artiklar i dette arkivet.
Her kjem nokre blinkskudd fra april, kva bilete likte du best?
Komande måndag kl 11 er det klart for ny «Kløvertur» i Todalen Sanitetsforenings regi. Som vanleg er det oppmøte ved Matkroken Todalen dersom du vil delta. Og delta det kan alle som har lyst, enten du er medlem eller ikkje! Turmålet blir bestemt ved frammøte etter vurdering av vêr og føre, og deltakar tal. Kom […]
Torsdag 12. mai klokka 18:00 blir det ryddedugnad for å rydde vegkantane langs Fylkesvegane rundt bygda og langs dei kommunale vegane: Pilskarvegen og Markavegen. Dette for å gjere det fint langs vegane til 17. mai-feiringa. Oppmøte på Bordholmen stadion klokka 18:00. Her blir det delt opp i plukkelag som får tildelt strekning for rydding. Det trengs bilar/ATV-ar med hengarar, så om nokon kan stille med det, hadde det vore fint!
Kvartett frå Operaens Sinfonietta inviterer til jazz-konsert i foajeen på Surnadal kulturhus fredag 13. mai klokka 13:00. Og da talar vi sjølvsagt om musikarar frå Operaen i Kristiansund, og dei fire vil framføre Claude Bollings «Suite for fløyte og jazztrio».
Været var litt lunefullt i dag også, med regnbyger og kald vind innimellom. Men plutselig tittet solen fram, og det ble rent så trivelig oppover bakkene mot toppen. Da vi forlot hovedveien og gjekk over i anleggsveien holdt Svein Tjelle en interessant orientering om driften i gruvene. Etter hvert passerte vi anleggsområdet hvor kalken utvinnes, […]
Søndag 29. mai klokka 11.00, blir det oppvisning av Todalspols i Slettneset hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Det er Rune Hanem og Silje Osnes som dansar. Dei er to av landets beste Todalspolsdansarar.
Surnadal kommune har framleis att influensavaksiner og kan difor no gje tilbod om vaksine til dei som ikkje tok denne vaksina i fjor haust. Tilbodet er særleg aktuelt for personar over 65 år og personar som er i risikogruppa.
Svinviks arboret inviterer, onsdag 11. mai klokka 18:00, til vårdugnad i Svinviks arboret. Ta gjerne med eigne redskap, rive og hagesaks er mest aktuelt. Det er varierte oppgåver, med både luking av blomsterbed og arbeid med rydding av stiar og trapper etter ein vinter med mykje vêr.
I ein e-post frå Bernt G. Bøe, i Åsskard sokneråd, blir vi informert om at det etter rakar-dugnaden på Åsskard kyrkjegard måndag 9. mai, blir kveldskonsert med trekkspelaren Ronny Kjøsen og Trio No Treble. Konserten tek til klokka 21:00 i Åsskard kyrkje. «Tittelen på programmet gjer oss nysgjerrige! Tyr vi til rapportar, mellom anna frå Trøa i Rindal sist måndag, forstår vi at dette handlar om sprelske framføringar av svært forskjellig musikk», kan Bernt G Bøe i Åsskard sokneråd.
I går kveld var det seriestart for Søya/Todalen sitt J11 lag i fotball. Kampen vart spela på Søyabanen, og på motsett banehalvdel var det Nordlandet sitt J11 lag hadde teke oppstilling, for å måle krefter mot heimelaget.
Tysdag 10. mai startar Fjellgruppa i Surnandal Pensjonistlag oppatt sesongen etter «vinnterdvalen». Grunna overlag mykje snø i høgda, må Fjellgruppa, inntil vidare, halde seg i låglandet. «Vi trur ein tur til Kvalnesvika gjer seg no i starten», seier Kristian Ranes i Fjellgruppa. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
8. mai markerer Nordmøre Brigadeveteranforening i samarbeid med Nordmøre forsvarsforening frigjeringsdagen/veterandagen. I år vil det bli markeringar ved Russergravene ved Vinje kirke kokka og ved Aure kyrkje.