Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Surnadal frivilligsentral treng fleire følgesveinar

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. september 2022

Surnadal frivilligsentral si følgesveinteneste starta i vår. Dette er ei teneste der folk, som treng følge til sjukehus, lege eller anna behandling, får ein følgesvein gjennom følgesveintenesta til frivilligsentralen. Dei har så langt fått inn mange oppdrag, så det er tydeleg at mange har behov for ei slik teneste. 

Pågangen har vore så stor at Surnadal frivilligsentral no har behov for å rekruttere fleire følgesveinar. Så har du tid og har lyst til å bidra, så er det berre å ta kontakt med Sissel på Surnadal frivilligsentral på telefon 468 16 169

Surnadal frivilligsentral – ledsagertjeneste

Publisert: 13. september 2022, 13:39