Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt hus er snart på plass

Jon Olav Ørsal Onsdag 14. september 2022

Den 2. oktober er det 2 år sia brannen på Talgø gard, der gammelstua vart totalskadd.  Heldigvis var forsikringane i orden, og dermed har planane om nytt hus teke form etter kvart.  Sia den gongen har det pågått opprydding etter brannen og branntomta er gjort klar til bygging av nytt hus til erstatning for det gamle, fortel Anita Talgø som er byggherre.  

2. oktober 2020: Slik såg det ut på branntomta etter at brannen var slokt og branntomta sikra. Arkivfoto Jon Olav Ørsal

Etter grundig planleggjing er no bygginga av nytt hus i gang med Talgø-sekapet Tradbo som entreprenør.  Dei siste vekene har det pågått rigging av tomta og bygging av grunnmurer, og i løpet av eit par dagar er no byggelementa på plass.  Det er forresten kortreiste byggelement, som er produsert på Talgø-Byggs elementfabrikk i Todalen. 

No startar innreiingsarbeidet av det nye huset, og i løpet av hausten ein gong vil det være klart for å kunne takast i bruk som bustad.  

Klare for monteringsjobben – frå venstre Tobias Mikalsen Strøm, Åge Fevåg, Erling Søyset (kranbilsjåfør), Vegard Sæther Haltstrand (lærling). Foto Jon Olav Ørsal

Første elementet av 2. etasjen blir montert – her ser vi korleis bygget er plassert på tomta. der gammelstua stod. Foto Jon Olav Ørsal

Her blir golvelementa løta på plass med Erling Søyset til «rors». Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 14. september 2022, 05:40