Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa med alternativ tur i dag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 13. september 2022

Dei siste turane til Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag, har gått i skikkeleg finvêr. I dag skulle Fjellgruppa sin tur eigentleg ha gått til Blåvjellet, men da vêrgudane ikkje spela på lag i dag, så vart det ein alternativ tur i Røsmorunden og til Kleiva, for dei fem «haurdhausane», som møtte opp og vart med.  

Start på Røssmorunden. Foto: Anne V. Einum

«Vi er «vasstette» så det gjekk bra! Vi gjekk den fine elvepromenaden, Røssmorunden, og enda til slutt oppå Kleiva», fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. 

Kvilebenk for trøytte bein. Foto: Anne V. Einum

«Grunneigarane langs Surna har verkeleg lagt tilhøva godt til rette for både fiskarar og turgåarar! Her er både kvileplassar, fine gapahukar og idyllisk og god sti langs elva», fortsett ho. 

Idyll gjennom skog. Foto: Anne V. Einum

«Vi skulle akkurat til å ta matpause i den siste gapahuken, då eit lyst hovud foreslo at vi heller kunne gå oppå Kleiva og ta pausen der», seier ho.  

Under gammalt og vakkert tre. Foto: Anne V. Einum

«Og spreke som vi er – slik vart det!», legg ho til. 

Svartelista med vakre Kjempespringfrø. Foto: Anne V. Einum

«Oppå diktarheimen til Hans Hyldbakk «inntok» vi scena og hadde det heilt topp med kaffekopp og vidt utsyn over bygda. Kven kunne ved oppstarten tru at det vart mogleg å sjå noko som helst gjennom skodde og regn i dag?», seier ho vidare. 

Vi inntok scena på Kleiva – og hauken er med! Foto: Anne V. Einum

«Det vart ein overlag fin og triveleg tur på oss fem! Og vi er samde om: «Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klede», avsluttar Anne V. Einum i Fjellgruppa

Godt å vere på diktarheimen til Kleivakongen. Foto: Anne V. Einum

Neste tysdag, den 20. september prøver Fjellgruppa på nytt med tur til Blåfjellet i Betna, så da er det berre å møte opp på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30!

Skeisgardane framom Kobbhaugen. Foto: Anne V. Einum

Fleire bilete frå Fjellgruppa sin tur i dag kan du sjå nedanfor:

Publisert: 13. september 2022, 21:34